Voss Bryggeri AS – mikrobrygga øl basert på både tradisjon og innovasjon

Voss Bryggeri AS blei etablert i februar 2012, og allereie i mai 2013 var det første ølet klart for sal, produsert på spesialutvikla utstyr frå USA. Det må vere noko nær rekord når det gjeld oppstart. Men produksjonen må i gong raskt når ein har investert og vil satse.

Øl Foto Voss Bryggeri2 Starta mikrobryggeri på Voss. Foto: Nina Skauge.

Ingen av dei tre gründerane, Jeanette Lillås, Dag Jørgensen og Jon Gjerde, er frå Voss, men det var her dei ville vere.

– Eg ville aldri ha starta i Oslo eller i Bergen, seier Jeanette. På Voss har dei lange ølbryggartradisjonar, og i tillegg er bygda Voss ei fantastisk merkevare. Vi har ikkje angra på lokaliseringa, og støtta vi har fått lokalt har vore fantastisk. Mange har ønskt å gjere dette sjølve, og set pris på at vi gjorde det.

Produksjon Foto Voss Bryggeri

Dei tre gründerane hadde god kunnskap om ølbrygging, trendar og stilar. Jeanette og Dag hadde drive med brygging i nokre år, og ho hadde mange års erfaring frå utelivsbransjen i Oslo. Gjennom jobben hadde ho hatt tett samarbeid med mikrobryggeria Nøgne Ø (pioner i bransjen i Noreg) og Haandbryggeriet. Ho visste at interessa for lokalt, handlaga øl var sterkt aukande i Noreg, som i USA og Europa.


Etter at dei i 2012 kjøpte hus i Kytevegen litt utanfor Vossevangen, drog dei tre på studietur til USA. Det var svært nyttig, for der er bransjen komen mykje lenger. I USA fekk dei kontakt med leverandøren som – i samarbeid med Dag – har utvikla alt produksjonsutstyret. Og der møtte dei tilfeldig Ian J. Greene frå Oregon, som no har blitt med til Voss, og er Head Brewer. Ian er ein verkeleg ølspesialist, og levande oppteken av smak, stilar og produksjon.


Ein tøff jobb å få økonomien på plass

Når vi ser oss rundt i lokala – med tankar, slangar, koplingar og råvarer – forstår vi at det har kosta å kome i gong. – Heldigvis fekk vi økonomisk støtte frå Innovasjon Noreg, og det er vi veldig glade for. Utan den hjelpa hadde det ikkje gått, seier Jeanette.

Dei fekk mellom anna støtte til USA-turen, og den sparte dei mykje på, både på grunn av kunnskapen dei fekk og fordi utstyrsleverandøren dei kom i kontakt med der var mykje billigare enn leverandørar her, og kunne skaffe utstyr som var mykje betre tilpassa.

Med godkjenninga frå Innovasjon Noreg i lomma var det lettare å gå til banken å be om sluttfinansiering. –Ingen av oss har økonomibakrunn, og det har vi vore opne om. Men vi jobba hardt med å lage gode budsjett, og fekk ros for det. Banken ville sjølvsagt at vi skulle investere ein del sjølv, og det gjorde vi. Helst ville dei òg at vi hadde skriftlege avtaler om ølsal på førehand, men det går jo ikkje. Vi hadde mange uformelle avtaler, men ingen vil jo skrive kontrakt om eit produkt dei ikkje har smakt.

Jeanette Lillås understrekar kor viktig det er å ha ein god bank i ryggen – helst ein lokal. Sjølv bruker dei Vekselbanken på Voss, som har tillit til dei og tru på det dei driv med.

 

Mentoren var god å ha

– I starten følte eg meg ganske aleine her. Det var så mykje å gjere, så mykje å ta stilling til, så mange tankar i hovudet, innrømmer Jeanette. Då var det bra at det var ein enkel søknadsprosess for å få mentor. Det skjedde gjennom Connect Vest, og eg fekk Trude Storheim, som er leiar av Vossajazz. Trude var veldig viktig i den perioden; berre det å ha ein å snakke med, å dele tankar med og få råd av.

 

No går salet strykande

– I dag, etter berre nokre månaders drift, har vi mange bestillingar og produserer ulike typar; både mørkt og fyldig øl og lett, lyst “Pale Ale”. Vi prøver oss fram, liker å vere litt vågale når det gjeld smaken. Det er det som er gøy! Men vi overdriv ikkje, for vi ønskjer at ølet skal ha ein viss eleganse, fortel Jeanette.


Når vi er på besøk har dei morgonmøte, der dei diskuterer veka som gjekk, nye bestillingar, arrangement dei skal delta på, fordeling av oppgåver, planlegging av produksjon i tida framover, reiser, leveringar, tekniske saker, logistikk og grupper som kjem på besøk. Seinare på dagen venter dei til dømes besøk av ein professor og studentar frå NHH, som vil lære meir om lokal næringsproduksjon. Dei diskuterer òg brygginga av ølet til Bergen ølfestival. Det er spesiallaga til dette høvet, med smak både frå Vossabygda og kystbyen Bergen. Meir vil ikkje Jeanette seie om den saken, for oppskrifta er hemmeleg.


Dei er eit fint team i bedrifta, meiner ho. Dag er fantastisk på alt det tekniske, og utan kunnskapen hans hadde det aldri gått. Ian er bryggaren og Jeanette sjølv held i alle tråene og har kontakt med kundar og leverandørar, som dagleg leiar.

 

Marknadsføring

Voss Bryggeri har ikkje råd til dyre annonsar eller anna materiell, og treng det heller ikkje, så stor som etterspurnaden er. Ei Facebook-side gjer jobben så langt. Ut over det er gode attestar frå ølkjennarar – som blir delt på Internett og blant folk – den aller beste marknadsføringa. Men dei har investert i ein profesjonell logo, så grunnlaget er på plass.

 

Vegen vidare

Einaste problemet no er at dei treng fleire store lagringsfat, for å kunne auke produksjonen. Det må eit visst volum til skal ein tene pengar. Ut over det må dei ta eit steg om gongen. Dei har mange planar, men meiner det er viktig å ikkje gape over meir enn dei rekk om dei skal behalde god kvalitet i alle ledd.


Så langt leverer dei nesten berre øl på fat, men med tida vil dei òg levere øl av ulike typar på flaske. – Vi ønskjer òg å samarbeide meir med lokale matprodusentar og å tenke mat og drikke i samanheng. Det finst mange ulike ølstilar, og øl er god drikke til mat, seier Jeanette.


Når produksjonen aukar må dei òg ta stilling til distribusjon. Skal dei levere sjølve eller søke samarbeid med ein grossist? Dette er ein av fleire viktige saker som dei må sette seg grundig inn i, så det er ingen ni-til-fire-jobb dei har gitt seg i kast med.

 

Råd til andre gründerar

Det er ikkje så lett å gje råd til andre, synest Jeanette. Ho tenker seg litt om og seier: – Lytt til dei som lyer til deg! Sjølv opplevde ho at for mange råd utan relevans kunne vere meir trøttande enn opplysande. Difor meiner ho det er viktig å søke råd hos den som verkeleg er interessert i det du held på med og som kan bidra med noko nyttig og konkret.

Kontaktinfo

Bedrift: Voss Bryggeri AS
Kontaktperson: Jeanette Lillås
E-post: jeanette@vossbryggeri.com
Telefon: 975 40 517
Adresse: Kytesvegen 396, 5706 Voss
Facebookside: Voss Bryggeri

 

Lenkje til Bergen Ølfestival og Bergen Matfestival

 

Voss Bryggeri Hus Foto Nina Skauge Øl Foto Voss Bryggeri Jeanette Foto Voss Bryggeri Voss Bryggeri Dag Og Jeanette Foto Nina Skauge Voss Bryggeri Dag Ian Og Jeanette Foto Nina Skauge Produksjon Foto Voss Bryggeri