Verda neste for Etne si einaste IT-bedrift

– Skal ein lukkast i denne marknaden krevst det hardt arbeid og ein porsjon flaks slik at ein er på rett stad til rett tid. Det seier administrerande direktør i Promineo, Leif Arild Åsheim. Selskapet, som har hovudbase i Etne, har i 12 år utvikla og levert programvare for prosjektstyring til norsk offshoreindustri. Men i det siste har dei også fått utanlandske firma til å velje si softwareløysing; mellom anna NASA.

Promineo Racing Header Promineo utviklar softwareløysing for verdsmarknaden. Foto: Promineo

Promineo blei starta i 2001, og tel i dag 11 tilsette, dei fleste arbeider i Etne, men sjefen sjølv sit i Stavanger, der dei har mange av kundane sine. Det er særleg dei marknadsleiande programma Proteus og kostnadsstyringsverktyet Promineo Cost firmaet er kjent gjennom, men dei utvikler også nye program om kunden har behov for det. Det heilt nye programmet WEAC, som kan måle ulike variablar og kartlegge arbeidsmiljø i Nordsjøen, er eit døme på det.

 Promineo Leif Vidar Åsheim

Fekk støtte frå Innovasjon Noreg

I oppstarten fekk Promineo 400 000 kroner i etablererstipend frå Innovasjon Noreg, og sidan har dei fått innvilga skattefradrag på inntil 20 % av utviklingskostnadane gjennom såkalla skatteFunn, retta mot bedrifter som har konkrete kostnader til forsking og utvikling av mellom anna nye produkt. Dette blir administrert av Norsk Forskningsråd i samarbeid med Innovasjon Noreg.

Promineo fusjonerte med selskapet Quantum Solutions i 2010. Det blei starten på ei større satsing på eksport. Ein god start i så måte var sal av Proteus til NASA.

– Det var amerikanarane som utvikla dei første styringsprogramma for Nordsjøen. No har me i samarbeid med deler av norsk oljebransje overteke stafettpinnen, og kan selje eit betre produkt tilbake, fortel Åsheim.

– Me har gått inn i ein ny fase. I den samanheng ønskjer me tettare dialog med Innovasjon Noreg og kanskje også rettleiar i kommunen. Me er medlem i INTSOK, seier Åsheim.

– Dette er ein statleg organisasjon som i samarbeid med Innovasjon Noreg skal arbeide for å marknadsføre og vere rådgjevarar for norske teknologibedrifter i utlandet. Me har store forventningar om å komme inn i Midtausten med programma våre.

 

Sweeper og rormann

– Eg ser på mi rolle som ein sweeper bak på banen. Dei fleste ballane blir «klarerte» lenger framme på banen, dei som kjem heilt bak må eg ta meg av. Det er alt frå å ta imot telefonar om brukarstøtte til å avslutte sal til kundar, samt møter med nye kundar.

Som nyinnvalt styremedlem i Norsk Seilforbund og ivrig regattaseglar, er Åsheim van med å sitte til rors. Promineo har sponsa sin eigen seilbåt, Promineo Racing, og til neste år seglar båten Round Britain and Ireland Race, ein av dei tøffaste amatørregattaene i 2014.

– Det er fint om me får eksponert og assosiert Promineo-logoen visuelt på annan måte enn skjermbileter frå dataprogramma våre, seier Leif Arild.

 Promineo Racing2

Råd til andre gründerar

– Før ein går i gong må ein gjere eit grundig forarbeid, ein må bruke tid på å lage ein forretningsplan. Det idelle er å få inn eksterne i styret, det held ikkje alltid med kone og tanter. Eit proft styre kostar rettnok ein del, men ein får svært mykje igjen for det. Kanskje det er noko som Innovasjon Norge kan gi støtte til? undrer Åsheim.

 – Ikkje gjer alt sjølv, få inn folk som kan hjelpe deg, bygg nettverk. Før me starta Promineo såg me eit behov i marknaden som ingen kunne fylle, så me tenkte; går det an å få til noko her? Me brukte mykje tid på å lage ein skikkeleg forretningsplan. Dei neste fem åra brukte me på å gjennomføre planen, fortel Åsheim.

– Me lærte at ein ikkje kan bruke nok på sal og marknadsføring, det held ikkje å utvikle verdas beste produkt om ingen kjenner til det. – For å få innpass hos kundar må ein skjøne korleis dei tenker, ein må ofte bruke nettverket sitt for å få til eit første møte.

– Ein lærer å tilpasse marknadsføringa si etter kor ein treff kundane. Me reiser ein del rundt på messer og presenterer oss, i og med at me kjenner til arbeidsmåten på norsk sokkel har me ofte eit konkurransefortrinn overfor norske kundar, som utanlandske selskap ikkje har.

 

Kontaktinfo

Bedrift: Promineo AS
Kontaktperson: Leif Arild Åsheim
E-post: mail@promineo.no
Telefon: 980 4 1 000
Adresse: Sjøhuset, 5590 Etne
Heimeside: www.promineo.no

Promineo Leif Vidar Åsheim Promineo Racing Promineo Racing2 Promineo Racing Header