To rettleiarar i Nordhordland svarer på spørsmål

Kom-an.no har besøkt ein del gründerar i Nordhordland, og har mellom anna spurt om dei er nøgde med den hjelpa dei har fått på vegen. Har dei blitt møtt på ein god måte? Har dei fått råd og kontaktar for å komme vidare? Har dei fått økonomisk stønad eller informasjon om kva type stønad som finst?

Silje Og Kari Rettleiarar Austrheim Og Lindas1 Dyktige rettleiarar i Nordhordland. Silje Andvik Hoaas og Kari Evensen Natland (t.h). Foto: Nina Skauge.

Du kan her lese meir om erfaringane til gründerane bak Plastinvent AS, Ikeland Gard og Alver Hjort

Vi tok med nokre av erfaringane deira og besøkte to rettleiarar i denne regionen for å finne ut korleis dei tenker og arbeider. Dette kan vere nyttig lesing også for deg som bur i ein annan region.

 

Rettleiarar hjelper gründerarar

Silje Andvik Hoaas og Kari Evensen Natland møter oss i kontora til Nordhordland Utviklingsselskap i Knarvik. Silje er næringskoordinator i næringsavdelinga til kommunane Austrheim og Lindås. Kari er næringskonsulent i Nordhordland Utviklingsselskap, og har heile regionen som arbeidsområde.

Begge er del av det faglege nettverket Team Nordhordland (sjå faktaboks), som dei meiner er eit symbol på kor godt det er å vere gründer i Nordhordland.

 

– Vi tenker ikkje kommunegrenser, men heilskap!

– Kjem det ein person med ein ide så speler det inga rolle kven i teamet han eller ho tek kontakt med, seier Silje og Kari. – Alle i teamet veit om kvarandre, og kan dra inn dei personane som har rett kunnskap for akkurat den ideen, anten det er industri, landbruk, reiseliv, kunst eller kultur.

Silje, som representerer kommunane Austrheim og Lindås, understrekar at dei heller ikkje tenker snevert om kommunegrenser.

– Vi må ha ei raus innstilling til kor vi legg ned arbeidet vårt. Det er viktig at vi ser heilskapen, seier ho.

Dei to meiner at det viktigaste er å gi råd, vise veg, peike på moglegheiter og opne dører:

– Skjer det noko i ein av dei små kommunane – som Fedje eller Modalen – ja då jublar vi. Det betyr mykje at det er utvikling i desse områda, om det så berre er ein kafé som er open to dagar i veka.

I tillegg til dei offentlege aktørane, er Nordhordland velsigna med to statlege SIVA-program (sjå faktaboks: SIVA) som skal stimulere til vekst i næringslivet. Desse er:

  • Industriutvikling Vest AS, med fokus på industri.
  • Nordhordland Næringshage AS, med fokus på reiseliv, kultur og oppleving. (Sjå faktaboks: Næringshage)

 

Er det for kompliserte skjema?

Vi har møtt gründerar som seier at dei synest skjemaveldet hos Innovasjon Noreg er omfattande, og at spørsmåla er veldig detaljerte og lite relevante. Kva med folk som blir skremde av papira til Innovasjon Noreg?

– Det er standard at folk synest papirarbeidet tar for mykje tid og ikkje verkar å ha relevans i høve til det ein held på med, seier dei to. Men staten må sikre at offentlege midlar blir forvalta riktig, og treng difor utfyllande opplysningar. Kan hende må vi bli flinkare til å fortelje at vi kan hjelpe med utfyllinga, vedgår dei og legg til:

– Ikkje med å skrive sjølve teksten, men hjelp til å velje riktige ord og omgrep for den som ikkje er van med terminologien. Eller hjelp til å kome i gong med til dømes marknadsundersøkingar eller skriving av ein forretningsplan.

 

Kva med dei som synest dei ikkje får den hjelpa dei treng?

Silje og Kari seier dei prøver å gi god og riktig informasjon til alle. Samstundes er dei forsiktige med å ”pøse på med informasjon”. Ein gründer i startfasen har ofte hovudet fullt av tankar, utfordringar og gjeremål. Då kan det blir forvirrande med overdose av ny informasjon. Nøkkelen er å følgje folk over tid, meiner dei.

­– Vi har stor respekt for alt det ein gründer held på med. Difor tar vi utgangspunkt i deira ståstad, ikkje vår. Dessutan må gründeren ha eigarskap til eiga bedrift, seier Silje. Kari held fram:

– Eg skriv til dømes aldri ein forretningsplan for nokon, men eg hjelper gjerne til. For alle gründerar har ein lidenskap, og den er det berre dei sjølve som eig.

Ressurs: Forretningsplan - 10 enkle trinn

 

Kva type bedrifter blir prioritert i Nordhordland?

­– Bransjar er ikkje det viktigaste for oss. Har ideen vekstpotensiale, står vi på det vi kan, seier Silje, og Kari og legg til:

– På Mongstad har veksten i stor grad vore knytt til olje- og gassnæringa. Statoil er ein storebror og ein viktig motor i eit område som i dag tel meir enn 100 bedrifter. Fleire av desse er leverandørar til Statoil. No ser vi at mange tenker nytt og får fleire bein å stå på. Vi har også ein del nye, store bedrifter som er heilt fristilte frå Statoil. Dette gjer at dei blir mindre sårbare, og det er ei utvikling vi støttar. Utfordringa vår er å tenke breitt og langsiktig.

Kultur og reiseliv er eit anna vekstområde i Nordhordland. Regionen har alt Håkonarspelet på Seim, Havsportveka i Austrheim, slåttefestival på Lyngheisenteret, Knarvikmila, Utkant på Skjerjehamn og mange andre arrangement.

Regionen har ein unik og vakker natur, tett knytt til havet. Den kan gje grobotn for nye bedrifter med fokus på reiseliv, havsport og andre naturopplevingar. Her spelar den nyoppretta Nordhordland Næringshage AS, ei sentral rolle.

Silje Andvik Hoaas og Kari Evensen Natland er imponerte over stå-på-viljen dei møter hos dei lokale gründerane, og meiner idérike folk i Nordhordland er heldige som har eit heilt team i ryggen.

 

Finn rettleiaren i din kommune!

Kom-an.no minner om at det finst rettleiarar i alle kommunar i Hordaland. Går du rundt med ein idé, finn du info på desse nettsidene. Ta kontakt med din rettleiar og få hjelp til å kome i gong!

 

Kontaktinfo

Silje Andvik Hoaas (Lindås/Austrheim)

Kari Evensen Natland (Nordhordland Utviklingsselskap)

 

Sjå døme av gründerar frå Nordhordland under.

Alver Hjort

Alver Hjort2 Foto Nina Skauge

– Eg har vore gründer sidan eg vart fødd, seier Lars Øyvind Hillestad då eg spør kor lenge han har halde på. Men så korrigerer han: – Eg var 14 år då eg tok over garden. Guten hadde tidleg interesse for gardsdrift, og dreiv med stall, stutteri og ridesenter i fleire år. Men ridesenteret tok etter kvart opp all ettermiddags- og kveldstid, og han blei lei. Så han fekk ideen om å drive med hjorteoppdrett.

Ikeland Gard

Ikeland Kjersti Linn-Foto: Nina Skauge

Kom-an.no møter Kjersti Linn Bakke i stova heime på Ikeland Gard, i Lindås kommune i Nordhordland. Det er ein vakker vårdag, med sol, grøne markar og brekande sauer og lam som beitar i skråninga bak huset. Her bur Kjersti Linn med sambuar Sigve Andreas Hopland og borna Andreas på 6 og Anna Eline på 4 år.

Plastinvent våga å satse – og auka omsetnaden stort

Plastinvent flytepontongar-Foto: Kristen Meling

– Me var aldri i tvil om å satse, me ville bygge nytt produksjonslokale og utvide. I Alverstraumen, der me var før, blei det altfor liten plass til både produksjon og lager. Nokon gonger må ein gjere vanskelege val, me såg me fekk for liten plass og har klart å skifte kundegruppe og produkt.