TicketCo – Grenselaus læring og utvikling første året

Kåre Bottolfsen viser til tida han har hatt kontor i Nyskapingsparken i Bergen. Kåre er gründer og dagleg leiar i TicketCo. Firmaet har utvikla ei sjølvbetjent arrangørplattform for sal, distribusjon og verifisering av billettar. Saman med Carl-Erik Moberg flytta han inn i Nyskapingsparken i oktober 2012. Teamet er godt integrert og dei to har klare oppfatningar om kva som er gevinsten med å ha kontor her.

Ticketco Bottolfsen Gjennom Nyskapingsparken sin mentorteneste har me lært både salsteknikk og forretningsmodellering, fortel Kåre Bottolfsen. Foto: Kristen Meling.

– Eg har lært meir på dette eine året me har hatt kontor her enn på 10 år i min førre jobb, seier Kåre.

 

Korleis og kvifor starta de TicketCo i 2011?

– Me utvikla eigentleg programmet for oss sjølve. Me starta med å ringe rundt for å få avtalar, og kunne begynne med sal av billettar til konsertar og arrangement i januar 2013. Den første månaden blei det selt 1000 billettar, i juni var talet auka til 6000, medan septembertalet viste 23000 selde billettar, forklarer Kåre.

I tillegg har dei utvida produktet til også å tilby sal av drikkebongar. Konsertarrangøren får tilgang til systemet gjennom eigen app og kan halde oversikt over billettsalet på ein langt enklare måte enn før. Med appen kan dei til og med selje billettar i døra.


– Det har vore mange opp- og nedturar og ekstremt hardt arbeid, men alt det gløymer ein lett når ein ser reaksjonen hos takknemlege arrangørar. Det er utruleg givande å sjå at noko ein har utvikla verkeleg fungerer, seier Kåre.


Korleis kom de i kontakt med Nyskapingsparken?

– Me fekk tips og tilvising gjennom Innovasjon Noreg, og tok kontakt. Etter eit par informasjonsmøte fann me ut at dette var interessant for oss, og etter kvart fekk me presentere oss og blei akseptert av den eksterne opptakskomiteen.


– Gjennom Nyskapingsparken sin mentorteneste har me lært både salsteknikk og forretningsmodellering, og ikkje minst fått kjennskap til ei mengd nyttige nettverk me har kunne nyttiggjere oss. Alle gründerar må lære seg å kommunisere ideen sin, det er ein føresetnad for å få støtte, meiner Kåre.

Var sin eigen første kunde

– Då me starta leita me rundt på nettet og fann fort ut at Innovasjon Noreg kunne vere rette instansen for oss, og det viste seg å stemme, fortel han.

– Me har fått etablerartilskot to gonger frå Innovasjon Noreg; til saman 1 million, og har nok lagt inn like mykje sjølve, men me ville ikkje klart oss utan etablerarstøtte.


 – Me klarte også å få på plass eit styre med profilerte personar som alle er medeigarar og som har vore døropnarar for oss. Og så har me vore veldig bevisste på å byggje nettverk og å ta del der me kunne hente kompetanse.

Som døme nemner Kåre deltaking i Connect Vest sitt Springrett. TicketCo har også søkt skatteFunn og SR-bank si etablerarstøtte.


– Når eg ser tilbake på presentasjonane mine frå 2011 ser eg det har skjedd ei stor forbetring. Me har lært mykje, og det meste er Nyskapingsparken si forteneste, seier Kåre.


Kva er dine beste råd til andre gründerar?

– Det viktigaste for alle i ein etablerarfase er å byggje nettverk. Det gjeld alt frå å sette saman eit handlekraftig styre til å få kjennskap til kva som finst av støtte- og rådgivingsapparat.
– Deretter anbefaler eg alle å lese boka The Lean Startup av Eric Ries. Det vil alltid vere både opp- og nedturar, men har ein tru på at ein aldri må gi opp ideen sin. For å halde på kundane må ein prøve gjere bytteterskelen så høg som mogeleg.

– Og til sist; det handlar om å komme seg ut av kontoret, gå ut og treff kundar, både faste og potensielt nye.

 

TicketCo har klare framtidsplanar

– Det har skjedd ei hurtig utvikling med oss siste året, det er nesten som eit løp, knapt tid til å sette seg ned. Me har akkurat fått på plass ein større emisjon. Det var tidkrevjande, men nødvendig, om me skal klare å bli størst i Noreg innan to år, avsluttar Kåre Bottolfsen.

Les meir om Nyskapingsparken

 

Kontaktinfo

Bedrift: TicketCo
Kontaktperson: Kåre Bottolfsen, dagleg leiar
E-post: kaare.bottolfsen@ticketco.net
Telefon: 922 25 510
Adresse: Thormøhlensgt 51 (VilVite), 5006 Bergen
Heimeside: www.ticketco.no