Silje såg eit problem, fann ei løysing og leier no ei bedrift i vekst

Kaliber Industridesign AS var nominert til Innovasjon Noreg si kåring av Årets gründerkvinne 2013. Seks var i finalen – to av dei frå Austevoll. Den eine var Silje Rabben, sivilingeniør i industriell design frå NTNU og dagleg leiar i Kaliber Industridesign AS.

MOSE MOSE – som reinskar opp oljesøl på harde overflater. Foto: Kaliber Industridesign

– Det går fleire damer på NTNU no enn det gjorde då eg var student der for tre år sida, og eg trur det blir fleire og fleire framover. Sjølv har eg alltid likt realfag, og visste tidleg at eg ville i ei teknisk retning. I tillegg har eg alltid likt å teikne og lage ting. Så då eg fann ut at det var eit fag på NTNU for industridesign, tenkte eg at:
Der skal eg inn.


Silje kom inn, og alt tredje året fekk ho og to andre medstudentar – Marius Montarou og Arne Skeie – idéen til det som no er blitt eit produkt med stor suksess. Den kom etter to skipsforlis på Vestlandet, eit på Fedje og eit i Vatlestraumen ved Bergen, samt pressefokus på oljesøl etterpå. Silje tenkte at det måtte vere mogeleg å lage eit apparat som reinska opp olje meir effektivt enn den gamle, manuelle metoden.


– Vi hadde eit fag som blir kalla mekatronik på NTNU på den tida, seier Silje. – Der passa det fint å lage ei oppgåve om idéen. Den vanlege metoden var tungt, tidkrevjande arbeid, så vi såg eit potensiale for eit automatisert produkt.


Silje gav ikkje opp idéen, og har sidan jobba vidare saman med det som no er partnarane Marius og Arne. Dei tre har lik fagleg bakgrunn, men er ulike, og har difor fordelt oppgåvene mellom seg etter kva dei er best på. – Men enno er vi så nye at alle må ta i eit tak der det trengs, seier Silje.

 

Det viktigaste er at dei er eit supergodt team som inspirerer og stoler på kvarandre. Bedrifta har kontor i Nyskapningsparken på VilVite-senteret i Bergen og i Trondheim. Samarbeidet mellom kontora er tett, for det er ei svær oppgåve å skape eit heilt nytt industriprodukt.


– I studietida var vi mest opptatt av produktutvikling, forklarer Silje. – Men etter kvart har det blitt eit fokusskifte mot marknad, sal og logistikk. Vi var med på eit intensivt seminar i regi av "Take off" (Senter for entreprenørskap, NTNU). Stengt inne på eit hotell i sju dagar jobba vi, under rettleiing frå ulike ekspertar, med å lage ei forretningsplan, vurdere prisar, behov og marknad. Det var ei veldig viktig veke.

 

To produkt klare for sal i 2013

Produktet – som har fått namnet MOSE – er no i produksjon, og dei første ordrane er på plass. MOSE – som reinskar opp oljesøl på harde overflater – har vist at det kan gjere jobben 10 gonger raskare enn den gamle metoden. Produktet har ulike bruksområder, og kan koplast til ei mobil eining som gjer at olja kan sugast rett inn i ein vakumbil.


Et nytt produkt er òg snart klart. Det er ei vidareutvikling av MOSE, tilpassa industrien, til oppsamling av oljesøl i til dømes mekanisk industri og på bensinstasjonar. Produktet er no i siste utprøvingsfase og skal lanserast til hausten.

 

Vi har fått utruleg god hjelp på vegen

– Eg trur vi har vore flinke til å dra nytte av NTNU i prosessen, seier Silje. – NTNU Technology Transfer blei tidleg med i eit team, og deira rettleiing og kompetanse innan kommersialisering var ein fantastisk "fødselshjelp". Men det var òg veldig viktig at vi heilt frå starten hadde ein grundig og god forretningsplan.


I 2010 blei bedrifta Kaliber Industridesign AS skipa, med støtte frå Innovasjon Noreg og Forskningsrådet. – Utan dei veit eg ikkje om det hadde gått, seier Silje. – Dei har vore fantastiske. Vi fekk etablerarstipend, FORNY-støtte og tilgang til mentortenesta. Det siste var særs viktig for å få kunnskap om marknad og sal. Vi har hatt fleire mentorar som har gitt oss viktig kunnskap om ting ein møter på i dei ulike fasane av utviklingsarbeidet. Også Connect Vest i Hordaland har gitt oss mykje hjelp, og NOFO. Dei gjer eit stort arbeid med å kople gründerar til næringslivet i regionen.


Silje Rabben nemner òg støtta frå Forskingsrådet, der dei fekk verifiseringsmidlar gjennom FORNY-prosjektet. Det nye produktet er støtta av NTNU Discovery, Hafslund og Innovasjon Noreg.

 

Kaliber Industridesign har vunne prisar og fått mange lovord

– Nominasjonar og prisar gjer noko med deg, meiner Silje Rabben. – Du jobber hardt i mange år, og då er det ein stor motivasjon at andre trur på det du gjer. Det er jo flott PR og ein døropnar. Fleire av prisene har ført til at potensielle kundar har ringt.


Dette er lista så langt:

  • DNB sin innovasjonspris, 2010 (Regional finale)
  • Tekna innovasjonspris, 2010
  • Venture Cup, 2010 (1. plass regionalt og 2. plass nasjonalt)
  • Technoport Young Innovation Award, 2012
  • Hordaland fylkeskommune sin Oppfinnarpris, 2012. Heiderleg omtale. 
  • I finalen i Innovasjon Noreg sin kåring av "Årets gründerkvinne 2013"

 

Råd til deg som har ein gründer i magen

– Ha fokus på å lage deg ein knallgod, tydeleg og målretta plan – og hald fokus på den. Ikkje ha hundre ballar i lufta, det blir berre forvirring. Når planen er på plass må du satse 100 %. Å satse 50 % held ikkje, for det å skape noko nytt er ingen hobbyverksemd.


– Eg synes det er gøy å vere gründer. Eg kan komme på noko om kvelden og sette meg til PCen. Det er kjekt å prate med andre gründerar, å bli motivert og lære noko heile tida. Og så gjer det fridom og opplevingar. Siste året har eg til dømes vore på møter, messer og konferansar på dei mest avsides og rare plassane i Noreg, i elegante toppkontor i Rio og i USA og London. Ingen dagar er like og framtida er full av mogelegheiter.

 

Kontaktinfo

Bedrift: Kaliber Industridesign AS
Kontaktperson: Silje Rabben
E-post: silje@kaliberdesign.no
Telefon: 411 47 030
Adresse: VilVite, Thor Møhlensgate 51, Bergen
Heimeside: www.mose-tools.com

 

Les også om Anne-Marthe Dalseide

Les meir om Årets gründerkvinne 2013

Silje Rabben Bak MOSE MOSE Mose Product