Plastinvent våga å satse – og auka omsetnaden stort

– Me var aldri i tvil om å satse, me ville bygge nytt produksjonslokale og utvide. I Alverstraumen, der me var før, blei det altfor liten plass til både produksjon og lager. Nokon gonger må ein gjere vanskelege val, me såg me fekk for liten plass og har klart å skifte kundegruppe og produkt.

Plastinvent flytepontongar-Foto: Kristen Meling Plastinvent støypar alt frå flytepontongar og brygger til septiktankar og fortøyingsbøyer. Foto: Plastinvent.

Dette seier dagleg leiar Stian Haukeland, som saman med kona Tone Knarvik overtok bedrifta Plastinvent i 2005. Plastinvent Tone og Stian

I 2010 flytta dei inn i nye produksjonslokale på Olsvollsstranda Industriområde på Radøy.
I dag tel bedrifta 7,5 årsverk og produserer rotasjonsstøypte plastprodukt til gass- og oljeindustrien, oppdrettsnæringa og båtindustrien. Familiebedrifta på Radøy har klart å auke omsetnaden år etter år, noko Gazelleprisen* frå 2008 er eit handfast prov på.

*Gazelleprisen blir delt ut kvart år av Dagens Næringsliv til ein bedrift med spesielt god økonomi og stor vekst i omsetnaden.

Plast er framtida

Plasten som Plastinvent nytter importerer dei frå mellom anna Italia og Nederland, og dei kan skryte av å ha Europas største tankprogram for båtindustrien. – Føremonene med plast er at det er veldig lett og slitesterkt, og at det ikkje ruster, seier Stian, som er utdanna mekanikar. Han lærte rotasjonsstøyping i dei sju åra han var tilsett i Plastinvent, før han og Tone tok over bedrifta.

I dag har dei installert topp moderne produksjonsutstyr (mellom anna ein ny fresemaskin), og dei støyper alt frå flytepontongar og brygger til septiktankar og fortøyingsbøyer. Dei leverer til heile landet. I det siste har dei også eksportert varer, mellom anna til USA og Kina!

 

Mentoren viste veg og opna dører

– Takka vere vår kontakt med Børge Brundtland i Industriutvikling Vest på Mongstad har me komme inn på Innovasjon Noreg si mentorstøtte. Me har fått velje ut og finansiert ein mentor som kan hjelpe oss å opne dører og ikkje minst sette opp strategiplaner for vidare vekst og sette konkrete mål, fortel Stian.

– Industriutvikling Vest har hjelpt oss med tilskot og lån, og har tilvist oss til mellom anna rettleiar i kommunen som kan marknadsføre bedrifta.Men det litt trist å tenke på alle støtteordningane me har gått glipp av. Me fekk aldri informasjon om kva som fantes av tiltaksordningar, heller ikkje særleg hjelp frå kommunen, så det er flott om ein nettstad som Kom-an.no kan vise andre grunderar kva dei kan få hjelp til, seier Stian og Tone.

 

Platinvent får ny grafisk profil

Plastinvent er i desse dager i ferd med å få ny grafisk profil, ny logo og ny nettside, støtta av Industriutvikling Vest.

– Det kan me trenge no når me satsar meir på produkt til olje- og gassindustrien. Tidlegare leverte me mykje til båtindustrien, men me har delvis skifta kundegruppe. – Me er midt i smørauge her ute. Nyleg blei me Achillesregistrert (Gule Sider for olje- og gassbransjen) og me ser at dette berre vil utvikle seg positivt framover ettersom me har ein enorm kapasitet på rotasjonsstøyping. Allereie no er det planar om å bygge ut produksjonslokale med 200 m2. Målet vårt er å ha 20 tilsette om fem år, og vere den største plastleverandøren på Vestlandet, fortel Stian.

 

Nettverk er viktig i vår bransje

Tone er aktiv i Kvinnovasjon, SIVA si satsing på kvinnelege grunderar.

– Det er viktig å få fleire kvinnelege leiarar inn i industrien og styreromma, seier Stian, som må medgi at kona er meir strukturert enn han er, og alltid har oversikta.

Sjølv deltar han regelmessig som ressursperson på Connect Vest sine Springbrettsamlingar, der gründerar kan få vurdert forretningsplanen og investorpresentasjonen sin.

– Dette er veldig lærerikt å vere med på, seier ekteparet.

Dei er begge medeigarar i Plastinvent.

Stian står for sal og produktutvikling. Tone styrer kontoret med sikker hand, men tar i eit tak i produksjonen også om det trengst.

 

Å vere best på service har sin pris

Stian og Tone veit klart kva som gjer at bedrifta har greidd å utvikle seg, trass i investeringar som nybygg og kjøp av dyrt produksjonsutstyr.

– Me har heile tida hatt fokus på god kvalitet, høg truverd, nærleik og service.

Men det har sin pris, innrømmer Stian: - Eg svarer på mailer og telefon omtrent døgeret rundt, og Tone må ofte stogge iveren min. Til gjengjeld har dei stengt heile juli, men dei er spente på om det kan fortsette no når kravstore oljefirma har blitt faste kundar. 

 

Kva råd har Tone og Stian til andre grunderar?

– Det er å følgje sin strategiplan, ikkje underprise seg i marknaden, kjenne sitt kapitalbehov, vere bevisst i sine val og ha god sjølvdisiplin, seier Stian. – Dei fleste gründerar kan mykje om produkta sine, men er dårlege på sal. Det er difor lurt å komme seg med i nettverk, knyte kontaktar og få kunnskap om det ein ikkje kan, meiner Stian og Tone, som til trass for at alt roterer i produksjonen har beina planta støtt på jorda.

 

Kontaktinfo
Bedrift: Plastinvent AS
Kontaktperson: Stian Haukeland
E-post: stian@plastinvent.no
Telefon: 56 34 70 80
Adresse: Olsvollstranda Industriområde, Radøyvegen 177
Heimeside: www.plastinvent.no

Plastinvent flytepontongar-Foto: Kristen Meling Plastinvent lokale-Foto: Kristen Meling Plastinvent støypeform-Foto: Kristen Meling Plastinvent Tone og Stian-Foto: Kristen Meling