Of and With løfter fram dei utrulege historiene

Og det blei historier om garving, veving, trikotasje, strikking og anna handverk på høgt nivå. Kunnskap og historier som var i ferd med å døy ut.

Div Produkter Foto Of And With

 

Handverkstradisjonar frå Osterøy

Då Haavard Holmaas og Anna-Lisa Johannessen var ferdigutdanna i design og visuell kommunikasjon ved Kunsthøgskulen i Bergen, visste dei at dei ville starte noko saman. Så blei dei merksame på garveri-tradisjonane på Osterøy, og kom i kontakt med Erling Teigland, som hadde arbeidd på Borge garveri heile livet.

Erling elska faget sitt, og det viste seg at garveriet i Hosanger var internasjonalt kjend for å lage det beste skinnet i verda. Til den vesle bygda kom folk frå store motehus og luksus-merkevarer i Europa og Japan. Folk med privatfly og bodyguard. Dei to blei interessert:

– Det var ikkje garveriet i seg sjølv vi var mest interessert i, men menneska vi møtte, fortel Anna-Lisa. – Som Erling og familien hans. Dei fortalte om stolte handverkstradisjonar på øya, og vi ville bringe desse historiene vidare.

Interessa for Erling gjorde at andre kom fram med sitt. Folk forsto at dei verkeleg hadde noko å vere stolte av. Slik kom Haavard og Anna-Lisa òg i kontakt med Svein Bruvik, som vevde band på ei stor bandvev. Og det blei historier om garving, veving, trikotasje, strikking og anna handverk på høgt nivå. Kunnskap og historier som var i ferd med å døy ut.

 

I januar 2013 drog dei til Paris med Osterøy-historiene

Haavard og Anna-Lisa laga boka ”Ein våg me ikkje har visst um”. – Vi fekk hjelp av dyktige folk i miljøet rundt oss, og produserte filmar, lyd og foto. For dersom du skal formidle dei gode historiene, kan du ikkje berre jobbe med det visuelle, seier Anna-Lisa.

Då garveriet blei lagt ned, kjøpte dei restlageret med skinn. Skinnet låg lagra lenge medan dei tenkte ut korleis det best kunne nyttast. Resultatet blei den vakre baggen Erling, i tradisjonell stil.

Bag Erling Foto Of And WithBilde: Baggen "Erling" i tradisjonell stil. Foto: Of and With.

 

"Ætt"

Etter kvart har det òg blitt kolleksjonen Ætt, med klede tufta på tradisjonelle mønster og materiale frå daglegliv og arbeid: sjal, genserar, anorakkar, bukser, ryggsekk og hatt. Og no sist er alt – pluss verktøy og anna historisk materiale – samla i eit utstillings- og salslokale i Østre Skostredet i Bergen.

– Det var til god hjelp at vi ganske tidleg i prosessen møtte ein fransk designar, busett i Bergen. Han samla på strikketøy, og visste at den internasjonale etterspurnaden etter tradisjonsbundne luksusprodukt var stor, fortel dei.

Sidan har dei tre samarbeida godt. Og i januar 2013 tok Of and With varene med seg til ei anerkjent messe for luksusprodukt i Paris. Dei rekna med å stå og sjå på at folk passerte, men alt første dagen kom det ein delegasjon japanarar og plukka med seg nesten heile kolleksjonen. – Til og med boka, som er på nynorsk, fortel Anna-Lisa.

 

Handverket er lokalt, men marknaden er internasjonal

Of and With sine produkt er kompromisslause når det gjeld kvalitet, og kvalitet kostar pengar. Difor er det ikkje lågprisprodukt dei sel, og difor er det óg den internasjonale luksusmarknaden dei retter seg mot.

At andre land har kome lengre enn Noreg når det gjeld å verdsette tradisjonshandverk av høg kvalitet, visste Anna-Lisa frå arbeidet med diplomoppgåva si. Og at det stemmer, fekk dei erfare då dei blei inviterte til Regents College i London. Lærestaden, som har Luxury Brand Management som fag, ville høyre meir om den vestlandske naturen, tradisjonane og menneska.

Etter foredraget spurde ein av studentane om ikkje garveriet blei rent ned av folk. – Nei, svarte vi. Bedrift etter bedrift blir lagt ned i Noreg. Dei går konkurs og all kunnskapen forsvinn. Nesten ingen veit om dette. Det er difor vi vil fortelje historiene.

– Det er lite kunnskap i Noreg om den internasjonale luksusmarknaden, fortel Anna-Lisa. Og her nyttar det ikkje å vere amatør, då blir du avslørt på flekken. Både samarbeidet med kundane og presentasjon av produkta må vere korrekt ned til minste detalj.

 

Utan støtte hadde det aldri gått

– Vi møtte stor forståing og fekk god hjelp og støtte frå både Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Noreg. Utan økonomisk og praktisk støtte frå dei som trudde på oss, hadde det aldri gått, slår dei to fast. Og lista over hjelparar er lang: Bergen kommune, Norsk kulturråd, Sparebanken Vest, SR Bank, BKK, Grafill, Regionalt Næringsfond for Osterfjorden og Norsk Trikotasjemuseum på Salhus.

 

Råd til andre gründerar

– Det rådet vi fekk på skulen var: Ikkje start for dykk sjølve!, seier dei og ler. – Men vi trur det viktigaste er å jobbe med noko ein er djupt interessert i. Og å jobbe godt med ideen før det byrjar å koste pengar – pluss ha gode rådgivarar, seier Anna-Lisa og Haavard.

 

Les også frå TV2:
Lager norske luksusvesker med Louis Vuitton-lær

 

Kontaktinfo

Bedrift: Of and With
Kontaktperson: Anna-Lisa Johannessen
E-post: post@ofandwith.com
Telefon: 900 37 058
Adresse: Nygårdsgaten 2A, 5015 Bergen
Nettsider: ofandwith.com

 

Bag Erling Foto Of And With Div Produkter Foto Of And With Haavard Og Anna Lisa Foto Of And With