Nyskapingsparken – eit supertilbod til gründerar

Er du ei nystarta gründerbedrift frå forskings- eller utdanningsmiljø (FoU) på leit etter rimelege kontorlokale, samt ønskjer få tilgang til skreddarsydd rådgiving og nettverk? Då kan Nyskapingsparken Inkubator vere noko for deg.

Grunder På Kontoret Nyskapingsparken Foto Camilla Waage Nyskapingsparken har eit populært tilbod for gründerar; eksperthjelp og rimelege kontorlokaler på same stad i Bergen by. Foto: Camilla Waage.

Nyskapingsparken har opptak av nye bedrifter to gonger i året, og til siste søknadsfrist kom det rundt 20 kvalifiserte søkjarar. Vi har spurt inkubatorleiar Hilde Indresøvde om kva som skal til for å bli tatt inn i parken.

Hilde Indresøvde Foto Kristen Mæling

– Det kom som vanleg inn mange gode søknader til våre fire ledige kontor. Me har opptak i august og mars, fortel ho.

 

Bilde: Hilde Indresøvde, dagleg leiar i Nyskapingsparken Inkubator på VilVite i Bergen.


– Alle som sender inn kontaktskjema blir først kalla inn til ein samtale, deretter lagar me ei innstilling. Dei innstilte får presentere forretningsideen sin for ein ekstern opptakskomité, og dei som blir vurdert til å ha størst vekstpotensiale, kan få plass.


– Me legg vekt på at bedriftene som flytter inn her er aktive, at dei har sett seg ambisiøse mål og at dei har den driven som skal til for å kunne lukkast. I tillegg vurderer me om dei passer inn, og om dei er villige til å dele kunnskap og erfaringar med andre.

 

Kontor i dynamisk miljø – med rådgiving som del av pakka

Nyskapingsparken – som ligg i andre etasje i VilVite-bygget på Marineholmen i Bergen – er ein del av SIVA sitt inkubatorprogram, med eit årleg driftstilskot fram til 2016. Parken tilbyr 20 kontor til ein svært gunstig leigepris. Prisen inkluderer møterom, kjøkken og breiband, og kontraktstida er inntil tre år.

Dei som kjem inn får i tillegg rådgiving frå Nyskapingsparken sine forretningsutviklarar, dei får delta på faglege og sosiale arrangement og tilgang til eit nettverk av andre hjelparar, ressurspersoner og finansieringskjelder (som Connect Vest).


– Bedriftene hentar inspirasjon frå kvarandre. I tillegg har me mange sosiale soner der me har uformelle treff, og sjølvsagt arrangerer me både sommarfest og julebord, fortel Hilde.

 

 

Nyskapingsparken sitt mål er å få bedriftene raskare og sikrare frå etablering til vekst.

 


– Frå me starta i 2007 har rundt 60 bedrifter vore innom Nyskapingsparken, og me er svært stolte over kva fleire av dei har fått til.
– Mange har vakse seg for store for oss, og har fått eigne kontorlokale, som Stormfjord Oil and Gas, iSentio AS, Bach Technology og Bipper (som like godt flytta til California!).


– Nesten alle bedriftene har to eller fleire tilsette når dei flytter inn, seier Hilde.

Dei første seks månadane arbeider gründerbedrifta og ressurspersonane mykje med å utvikle ein forretningsmodell og sette opp delmål og strategiske planer. Deretter blir dei følgt opp gjennom evalueringsmøte ein gong i månaden. Her får dei idear, tips og råd om kor dei kan søke tilskot, skaffe investorar osb. – Me kjenner til alle nettverk, og veit korleis søknader om støtte skal formulerast, seier Hilde.

 

Nyskapingsparken husar svært ulike bedrifter

Det er mange ulike bransjar representerte i Nyskapingsparken; subsea, olje og gass, software og industriprodukt. Blant bedriftene som har plass der i dag er TicketCo (internettbaserte billettsystem), Flytende Bolig (bustader på sjøen) og Ementra (system for medisinsk dokumentasjon).

– Det er ei stor spennvidde i kva våre bedrifter driv på med, og slik ønskjer me det skal vere. Ikkje alle finn retninga si med ein gong, og treng å justere kursen undervegs. Det må vere lov å feile og prøve igjen. Men alle er bundne av avtala dei har med oss. Klarer dei ikkje å nå delmåla sine eller følgje eigen plan for vekst og utvikling, må dei flytte ut. Det har skjedd fleire gonger, forklarer Hilde.


Gode rollemodellar er viktig

– På dei fagleg samlingane inviterer vi inn folk med spesialkunnskap om næringsverksemd, til dømes ein advokat som kan informere om korleis ein beskyttar eit patent. I tillegg er det utveksling av erfaringar med andre gründerbedrifter, og ein får lære både forretningsmodellering og salsutvikling.

I desse dagar bygger me òg opp ein nettstad på LinkedIn for å halde kontakten med utflytta bedrifter. Dei er gode rollemodellar som kan inspirere dei som kjem etter, seier Hilde Indresøvde.

 

Kva er ein inkubator?

Inkubatorar har vore brukt i over 50 år, og er eit effektivt verkemiddel for nyskaping og innovasjon. Hovudtanken er å kople lovande idear og bedrifter med etablerte miljø. Inkubatorane tilbyr mentorordningar, støtte og rådgjeving, i tillegg til eit fysisk miljø der bedriftene kan lære av kvarandre og dra nytte av å være fleire med same behov og utfordringar. SIVA har i dag inkubatortilbod til bransjar som FoU, industri, kultur, mat og natur.  

 

Les også om TicketCo og Keystone


Kontaktinfo

Bedrift: Nyskapingsparken Inkubator
Kontaktperson: Hilde Indresøvde
E-post: hilde@nyskapingsparken.no
Telefon: 93 42 49 51
Adresse: Thormøhlensgate 51, 5006 Bergen (Besøk: VilVite, 2. etasje)
Nettside: www.nyskapingsparken.no

Arbeidsstasjon På Nyskapingsparken Foto Kristen Mæling Grunder På Kontoret Nyskapingsparken Foto Camilla Waage Hilde Indresøvde Foto Kristen Mæling Kontorplassar På Nyskapingsparken Foto Kristen Mæling Vilvite Senteret I Bergen Foto Vilvite