Morten & Jonas kombinerer design med sosialt engasjement

Morten Skjærpe Knarrum og Jonas Norheim gjekk ut frå Kunst- og designhøgskulen i Bergen i 2011, og bestemte seg for å samarbeide då dei litt seinare hadde kontor i Bergen Designinkubator på USF Verftet i Bergen. No har no sitt eige kontor i same bygg.

Derrik MORTEN JONAS 620 "Derrik" av Morten og Jonas.

 

Utradisjonelle idear og sosialt engasjement

På kontoret, med fantastisk utsikt over hamna i Bergen, viser dei fram det siste produktet sitt; lampa ”Bake me a cake”, som tydeleg har henta inspirasjon frå eit stort kakefat med låk. Lampa, som er i eik og røykfarga glas, blir laga i Bergen fengsel gjennom eit unikt samarbeid mellom Kriminalomsorgen region vest, produsent Northern Lightening og designarane. Tanken er at dei innsette skal få verdiar og kompetanse med seg ut av fengselet, som kan gjere det enklare å få seg jobb når dei kjem ut.

Kakefat-lampa er prega av både uvanlege idear og sosialt engasjement. Det viser seg òg i masteroppgåvene deira; Morten skreiv om blinde og svaksynte mens Jonas tok for seg design og kriminalomsorg.

MORTEN OG JONAS 620 Jonas & Morten.

 

Reisande i norsk design

Dei har fleire andre prototypar ståande; bord, bokstøttar, lamper. Og begge har vunne prisar for ideane og produkta sine. Men det tar lang tid frå idé til produkt i møbelbransjen, og Morten og Jonas skulle gjerne sett at det var fleire stader å gå for å få laga prototypar.

Merittlista dei har på nettsidene sine tyder på svært travle dagar med mykje reising dei siste åra. Dei er representerte på messer, utstillingar og bransjetreff i mellom anna Stockholm, Oslo, Helsinki, New York, Portugal, London og Berlin.

Dei to er møbeldesignarar og interiørarkitektar, og veit at særleg møbeldelen av verksemda er internasjonal. I vår var dei difor representerte med heilt nye møblar på den viktigaste hendinga innan bransjen – staden der dei store nyhenda sleppast – Møbelmessa ISalone 2013 i Milano. Dei har òg delteke på Stockholm International Furniture and Light Fair.

Dette er stader der ein helst bør vere, om ein har ambisjonar i bransjen, seier dei. Ein må tenke langsiktig, bygge seg opp over tid. Og dei veit ein ikkje kan vere sikker før noko er i produksjon. Og sjølv då er inntekta usikker, fordi royalty-systemet gjer at dei er avhengig av godt sal.

 

Utan støtte hadde det aldri gått

­– UD støtter reiser og Bergen kommune støtter prosjekt, fortel dei. Men dei skulle gjerne hatt ein meir langsiktig økonomisk støtte. – Vi treffer danske, finske og nederlandske designarar når vi reiser rundt, og dei får arbeidsstipend, seier dei to. I Noreg prioriterer ein designutdanninga, men ikkje det som kjem etterpå, meiner dei. Difor er det mange dyktige unge som fell frå etter kvart. Morten og Jonas synest det er ok at ein slit ein del i starten, men når ein må ha jobb ved sidan av i årevis, tar det for lang tid.

 

Tross problem rår dei andre til å satse

Tross problem og dårleg råd, er dei to ikkje i tvil om at dette er ein inspirerande veg å gå. – Det er utrolig mangfaldig og spanande å halde på med design, seier dei. – Den eine dagen er du i mingle-party i en ambassade i Berlin og pratar med folk i dress og slips, den neste er du på golvet heime og sjauar. Og så har du høve til å treffe andre designarar frå heile verda, utveksle idear, bli inspirert og utvikle deg.

Lenkjer

”Bak murene i Vik”, Morten sin masteroppgåve
Om Jonas

 

 

Kontaktinfo

Bedrift: Morten&Jonas
Kontaktpersoner: Morten Skjærpe Knarrum og Jonas Norheim
E-post: post@morten-jonas.no
Telefon: 977 01 175Adresse: Georgernes verft 12, 5011 Bergen
Nettside: morten-jonas.no

MORTEN OG JONAS The Family MORTEN JONAS Bake Me A Cake MORTEN JONAS Derrik MORTEN JONAS Down Low MORTEN JONAS Gadget MORTEN JONAS Hercule MORTEN JONAS Hood MORTEN JONAS Locked Together MORTEN JONAS