LAGA - det lille ekstra mot helg får du i Samnanger

LAGA er eit samvirkelag på Bjørkheim i Samnanger som sel lokalt produserte mat- og handverksvarer. Derfor namnet LAGA, som tyder heimelaga. Ideen blei til då åtte personer trengte ein stad å selje varene dei produserte. Seks av dei held fram med ideen, og er no partnarar i samvirkelaget.

LAGA Stolte damer i Samnanger, frå venstre vises Rita, Bente og Tone.

Dei var heldige, og fekk støtte gjennom Liv og Lyst-prosjektet pluss litt frå Bjørnefjorden Næringsfond. Det viktigaste var at dei fekk hjelp til å skaffe egna lokale. For det nyttar ikkje med butikk langt oppe i lia, det må vere sentralt, nede med vegen.

Dei seks partnerane deler på å stå i butikken, som er open kvar helg. Fredag 12-18, laurdag 10-15 og sundag 12-18. – Eller litt meir, seier Bente Getz, ei av partnarane. – Vi blir jo aldri ferdig. Alltid er der nokon som vil slå av ein prat, som i krambua før i tida, der folk hadde tid. Det er sånn dei vil ha det i LAGA òg, derfor har dei bord og to stolar, og serverer gjerne ein kopp kaffi.

Omlag 90 prosent av varene i LAGA er frå Samnangerområdet, resten kjem frå småskalaprodusentar i Hordaland – og litt frå Sogn, dersom det passar inn.

 

– Vi vil tilby noko anna enn det som finst i alle andre butikkar. Ein liten bondens marknad. Det lille ekstra mot helg, kallar vi det, seier Bente.

To av partnarane leverer mat, og sjølv leverer ho mjølke- og osteprodukt pluss bakverk. – Mjølk frå eigen gard, einaste osten i landet med sauemjølk, meiner ho. Dette er ein norsk attraksjon, synest Bente, og tenker å kontakte Linda Eida om akkurat det.

Ei anna partnar, Rita Taule, driv Sigmundstovo, ein liten ete- og overnattingsstad i Samnanger. Ho er kokk, og lager mat med lokalt kjøt frå hjort, sau og kalv, pluss andre lokale råvarer. – Og så har vi handarbeid frå fantastisk dyktige damer. Mariusgensrar kan tingast i alle storleikar, selbuvottar kjem i alle farger og ein kan få heimesydde kjolar.

 

LAGA betyr noko for veldig mange små produsentar i Hordaland, for det finst ikkje noko liknande i fylket. Det er eit problem for mange å få vist fram varene sine i ein marknad der 95 % av matvarene kjem frå Norgesgruppen sitt store apparat.

 

Døme på unike produkt er: fetaost frå Haugaland Meieri, tørka eple frå Haust i Ålvik, pølse frå Tjore Gardsmat på Radøy, spekeflesk, bacon pølser og andre kjøttprodukt frå Verpelstad gard på Vaksdal, produkt frå Høgt og Vilt i Sogn, Kroken og Kystvilt.

Eller kva med øl frå Kinn og Ægir i Sogn. Det siste er forresten så etterspurd at det er nesten håplaust å få tak i.

– Forskjellen på oss og andre gardsbutikkar er at vi har ferskvaredisk, seier Bente Getz. – Kvar helg har vi ferskt bakverk, pålegg og tre rettars middagar. Å selje ferskvarer er ein sjanse å ta, men vi vil gjerne tilby det beste og gå nye vegar.

– Vi lagar ikkje reklame, seier Bente. – Det beste er når det spreier seg frå munn til munn, og berre ballar på seg. 

 

...og nokre hindringar
Ikkje alle har vore like lette å samarbeida med, meiner Bente. Ho seier at til dømes skilting med Gardsbutikk og Hanesymbol vart eit hinder for å synleggjere utsalet på Bjørkheim. Sånne skilt fins jo elles over heile landet, og i Sverige kan kven som helst sette opp skilt langs vegen og opne ein loppis. Men ikkje i Samnanger, nei. Når folk møter sånt stivbeint byråkrati er det lett å gje opp.

 

Fekk god hjelp til å kome i gong
Bente Getz meiner dei fekk fantastisk hjelp frå Hordaland fylkeskommune i oppstarten. Særleg vil ho òg takke Marit Brennbekken, rådgjevar Eli Fosso hos Fylkesmannen si landbruksavdeling og Tone Tysseland i Samnanger kommune.

 

Om vegen vidare
Om nokre år trur Bente at LAGA er open fleire dagar, og dei vil gjerne ha nye medlemmer frå nabobygdene. – Skriv det, seier ho. – Vi vil gjerne ha med fleire.

 

LAGA har vore ein spire til å få til ting i Samnanger. Partnarane ser for seg at modellen er eit konsept som fleire kan slutte seg til, og der ein kan utvide med nye tilbod. Kanskje kan dei òg selje konseptet vidare ein gong. Dei har søkt om støtte til dette. Det beste hadde vore sånne butikkar i mange andre bygder, men det krev at folk er villig til å satse litt.

 

Kontaktperson
Navn: Bente Getz
Telefon: 902 37 250
E-post: bente_getz@hotmail.com

Internett: laga-samvirke.no
Adresse: Bjørkheim i Samnanger

Les óg meir om lokal mat frå Samnanger på VisitSamnanger.no