Kvit dame, pizza og kultur på same staden

Kulturbakeriet på Austevoll starta opp i mars 2010 i den restaurerte Prestagarden på Storebø i Austevoll kommune. Bakeriet var populært frå første dag og skapte ein etterlengta ny møteplass for Austevollingane.

Kulturbakeriet -prestegarden Prestegarden på Storebø vart eit kulturbakeri. Foto: Kulturbakeriet.

Verksemda har indirekte fått støtte gjennom LivOGLyst-prosjektet. Den nystarta leikeparken like ved har fått LivOGLyst-midlar gjennom Austevoll kommune. 

–­ Det sikrar aktivitet i helgene òg at svoltne born og foreldre kjem innom oss, fortel initiativtakar og dagleg leiar Bjørn Engen, som har både brød, kaker og pizza på menyen.

 

Den nye samlingsplassen på Austevoll
Det er ikkje mange bakeri som har eigne kulturkveldar og kunstutstillingar. Staden har både uteservering og skjenkeløyve. Kulturbakeriet har skapt ein heilt ny samlingsplass for folk på Storebø. Bjørn er godt nøgd med utviklinga sidan han og kona starta. I dag tel verksemda nærare åtte årsverk.

 

– Men det er beinhardt arbeid! Me begynner å bake kl 2.30 kvar bidige natt, og med pizzautsal om ettermiddag og kveld, i tillegg til kulturarrangement, er det omtrent 24 timar med samanhengande aktivitet. Men med gode skiftordningar og dyktige medarbeidarar går det bra.

 

Bakeriet er eit av få som former brød for hand før dei blir steikte i steinomn. Surdeigsbrødet er spesielt populært og bakeriet nyttar mykje surdeig. Men til selskap er det mest ulike typar kaker – kvit dame, sjokoladekake og bryllaupskaker – som er mest etterspurde.

 

Levebrød – ikkje hobby
– Folk som vil gå i gong må tenke nøye gjennom kva dei vil og vera førebudd på lange arbeidsdagar. Før me starta opp brukte me eit år på planlegging. No føler me at konseptet fungerer og at me har fått eit godt fotfeste i nærmiljøet. For oss er dette business, og ingen må tru at det å starte opp eit slikt konsept er romantikk eller hobby. Dette er levebrødet vårt, bokstaveleg tala!

­– På ein mindre stad vil dei fleste nyetableringar møte skepsis hjå lokalbefolkninga, spesielt om dei er tilflyttarar. Men gjennom ei forsiktig lokking har me fått folk inn på kulturarrangementa, dei ser at dette er ein stad for både hovud og gane.

 

Kulturarrangementa har eit rikt spenn – frå kunstutstillingar, forfattarkveld med Frode Grytten, blues med Reidar Larsen til Bergen Munnspillorkester. I Prestagardskjellaren er det plass til rundt 50 gjester medan den restaurerte Drengastovo kan ta 60-70. Heile Prestagarden (frå 1889) er i dag eit næringsbygg, og rommar både forlag, arkitekt og avis. 

 

Faste kundar over heile øya
Bjørn fortel at Kulturbakeriet har fast levering til mellom 10 og 15 plasser, både barnehagar, skular og kantiner. Ja, òg til Bekkjarvik Gjestgiveri, vidgjeten for EM-meister i kokkekunst, Ørjan Johannessen. ­– Så det er meir enn nok å halde fingrane i.

 

Bjørn er utdanna bakar. Han fortel at det er flest lokalfolk som nyttar bakeriet, men spesielt om sommaren kjem det mange båtturistar, i tillegg til alle hyttefolka. – Bergensarane er heldigvis ikkje gnitne!

 

Kulturbakeriet har jamleg annonsering i lokalavisa. – I og med at me ikkje ligg med ein hovudveg eller nær andre butikkar må me vise oss fram, seier Bjørn Engen. Gjennom mellom anna Samarbeidsrådet for Sunnhordland har dei fått økonomisk støtte til ein presentasjonsbrosjyre. Så no skal fleire få høve til å bli kjent med Kulturbakeriet og kulturbyggjarane på Storebø!

 

Kontaktperson
Namn: Bjørn Engen
E-post: bjorn@kulturbakeriet.com
Heimeside: kulturbakeriet.com/

Telefon: 95435278

Adresse: 5392 Storebø

 

Kulturbakeriet -pizza Kulturbakeriet -omn Kulturbakeriet -prestegarden