Kårbø – bygda som boblar over av idear

For ti år sidan hadde bygda Kårbø på Holsnøy i Meland kommune berre nokre få innbyggjarar, og fleire gardsbruk sto til nedfalls. Men Arne Rene Bratland kjøpte ein gard, og starta noko som kom til å endre bygda. Etter det kjøpte Jon Atle Tvedt ein annan gard og så kom to andre eldsjeler til. Saman med dei som var der frå før byrja dei planlegginga av det som skulle bli eit nytt liv for bygda.

Frukthaust Gode idear vert hausta på Kårbø. Bilete viser Oddveig, Jens Helge og Helge Husebø.

Kårbø får prosjektstatus i LivOGLyst
Dei kontakta Meland kommune, som hjelpte med søknad til Hordaland fylkeskommune si LivOGLyst-satsing. Dette er eit tiltak for nyskaping, næringsutvikling og bulyst i lokalsamfunna. Kårbø blei vald ut blant mange søkarar til eit treårig prosjekt, med ei årleg støtte på vel 100.000 kroner.

Vigleik M. Ypsøy, som hadde erfaring med liknande arbeid, fekk jobben som prosjektleiar, og hausten 2008 starta dei opp. – Vi hadde faste månadlege møter, forklarer Ypsøy. Det å sette seg ned saman viste seg å vere lurt, for det mangla ikkje på idear hos kårbøarane. Etter kvart blei fire område prioritert: bygdelag, hytter, næring og kystlag. Fire grupper blei etablert for å jobbe vidare med dette.

Målet var at Kårbø skulle finne sin eigen identitet, skape gode møteplassar for fastbuande og hyttefolk, få i gong trivselstiltak og utvikle næringsverksemd både på kort og lang sikt – i bygda og i regionen.

Kårbødagen bring saman gamal og ung
Eit anna mål var ein bygdedag. No har Kårbødagen vore arrangert to gonger, med kafé, grilling, rebusløp, ro- og fiskekonkurranse og historievandring. På den måten er det skapt ein god møteplass, kulturen er sikra overføring til nye generasjonar og folk er gjort merksame på kva verdiar dei har rundt seg.

Tufta på historia og det nære, men med blikket framover
Dei 20 innbyggjarane som bur i Kårbø har på desse fire åra verkeleg fått augene opp både for det som ligg bak og det som finst av moglegheiter framover Dei er blitt stolte av bygda si. Dei eldste har delt av historiekunnskapen sin og dei yngre har kome med nye idear. – Ja, det er nesten så ein må stogge dei litt, seier prosjektleiar Ypsøy.

I dag er LivOGLyst-prosjektet i sluttfasen, men arbeidet med nyskaping og næringsutvikling held fram. Av konkrete resultat kan nemnast at forsamlingshuset er restaurert, benker og postkasser sett opp og gamle ferdslevegar rydda fram i lyset. Når det gjeld næringsverksemd har ein person starta ridehall, ein annan produserer frukt og grønsaker, ein driv fiske for vidaresal, ein driv med foredling, ein med vedproduksjon og ein har bygd forsamlingslokale som kan nyttast til både bryllaup, driv inn-på-tunet-verksemd og lokal matproduksjon.

Kårbø har òg fått designa eit symbol – Eldmerket. Merket skal vere eit symbol for foredling tufta på berekraft, natur og kultur. Det skal ikkje berre ha fokus på næring og lønsemd, men like mykje på nettverksamarbeid og sosiale samankomstar. Målet er at fleire nye verksemder i Nordhordland skal få Eldmerket.

 

Kontaktperson
Namn: Vigleik M. Ypsøy
Telefon: 950 61 191
E-post: ypsoy@kystgard.no
Internett: Meir info kjem

Adresse: Kårbø i Meland kommune

Les meir om LivOGLyst

LivOGLyst-Foto-Jon-Erik-Vollan Ridehall Rene Brattland Frukthaust Banner _karbo Solnedgang