Espevær - utkanten som har blitt sentrum

– Ein må først bestemme seg for at ein vil skape noko, men resultata kjem berre gjennom hardt arbeid. Det seier Jan Helmik Mæland, prosjektleiar i Espevær 365 +, som har vore del av LivOGLyst i tre år.

Espevaer -hamn Idyll på Espevær. Foto: Kari Larssen.

Og det var akkurat det dei gjorde på Espevær. Dei fekk gjennom LivOGLyst-søknaden for tre år sidan, og grunnstøtta på kr 100 000 i året er – saman med støtte frå Bømlo kommune – viktig og nødvendig. Det tradisjonsrike øysamfunnet heilt sør i Bømlo kommune har teke mål av seg til å auke innbyggjartalet, skape nye arbeidsplassar og få til betre trivsel. 

 

Fiber i hus og heim
– Stikkord for oss er kommunikasjon; både fysisk og digitalt; Espeværekspressen har 10 daglege turar inn til Langevåg på Bømlo, og årleg transporterer han rundt 37000 personar til og frå Espevær. Vi er kanskje er den staden i Norge med tettast fiberdekning, fortel Mæland.

– Det gjer at vi er i nærleiken av alt.

Eit av prosjekta våre i LivOGLyst, som vi har store forventningar til, er å etablere såkalla staduavhengige arbeidsplassar på Havkontoret. Då kan ein bu og arbeide på Espevær sjølv om oppdragsgjevar eller kunde er i Hong Kong. Eit anna prosjekt er å restaurere dei gamle hummarhyttene på Nordøyane, eit viktig kulturminne. Fiskarane budde i hyttene i vekene og frakta hummaren til Espevær for levering. Det er òg planer om å starte havbeite av hummar, noko som kan gje fleire arbeidsplassar.

 

Klart for nye bustader
I tillegg er Espevær med på Flytt til Liv og Lyst, i samarbeid med dei andre øysamfunna Fjellberg, Møgster og Huglo. Gjennom felles annonsering og profilering er målsettinga å få til tilflytting – helst av barnefamiliar – utover dei rundt 100 som bur på Espevær i dag.

– Det er konkrete planer om å bygge to utleigebustader på Espevær. Det vil bli ein kombinasjon av omsorgsbustad for eldre og utleigebustad for folk som har planer om å flytte til Espevær. Vi håper å få satt i gong rett over nyåret i 2013, og reknar òg med å opne ei ny båthamn våren 2013, noko ein treng for å kunne møte det stadig aukande taler på båtturistar om sommaren.

 

Avhengig av lokale initiativ
I kor stor grad har Liv og Lyst-prosjektet inspirert Espeværsamfunnet? spør vi.

– Utan årleg støtte frå LivOGLyst hadde det vore vanskeleg å få i gong tiltak. Prosjektet har vore ein god katalysator for oss, eit godt verktøy. Vi har møtt flinke folk både hos Innovasjon Noreg, Fylkesmannen i Hordaland og i Hordaland fylkeskommune, samstundes som vi er ein naturleg del av – og har fått økonomisk støtte frå – Bømlo kommune. Det er viktig at alt må starte på grunnplanet, initiativa må komme lokalt. Det har gjort oss veldig merksame på kva vi har og kva vi kan få til. Vi ser at alt vi gjer er omdømmebygging.

– Kva vil du seie er det beste med å bu på Espevær?
– Her på Espevær er det trivelege folk, vi har naturen tett på oss – og fråvær av by!
I tillegg har vi det vi treng av butikk, barnehage og skule. Pluss ein Pub (Lageret) og ein restaurant som opna sommaren 2011; Baade`s Kjøkken i Baadeshuset. Det skaper òg ein sterk identitet å vite at Espevær har ei så rik kulturhistorie. Det inspirer oss 365 dagar i året og endå litt til!

 

Kontaktperson
Namn: Jan Helmik Mæland
E-post: jan.helmik@gmail.com
Telefon: 99128095

Adresse: Espevær

www.kom-an.no/espevar/

www.visitespevaer.com

Espevaer Espevaer -folk Espevaer -hamn Espevaer -panorama Top 5Bilder2