Keystone tar snarvegen til suksess i Nyskapingsparken

– Eg hadde ikkje sett for meg at verdien av å sitje saman med andre gründerar ville vera så stor, det har vore inspirerande og lærerikt, samstundes som det har spart oss for betydelege beløp. Det seier marknadsansvarleg i Keystone.no, John Zachariah, etter eit år i Nyskapingsparken.

Keystone John Zachariah Stor verdi av samlokalisering med andre gründerarar, seier John Zachariah

Keystone leverer ei web-basert løysing for å halde oversikt og kontroll over utstyr som blir brukt i offshoreoperasjonar. Programvaren gjer det mogeleg for bedrifter å styre alle aktivitetane, inkludert logistikk, utleige, vedlikehald/inspeksjon, lager og økonomi, og kan integrerast med eksisterande ERP-system som kunden har.

 

Selskapet, som i dag har kontor i Bergen og Stavanger, blei starta i 2010 av John og to kollegaer. Dei hadde høyrt at det var behov for programvare som kunne planlegge, og halde orden på, utstyr som vert nytta offshore. Etter at dei hadde brukt lang tid på å validere ideen for å sjå om dette var noko å satse tid og pengar på, gjekk dei i gang med å utvikle programmet Keystone Tools.

Programvaren har sidan starten kontinuerleg blitt revidert, og i dag er det versjon 4 som er i sal.

 

Korleis kom Keystone i kontakt med Nyskapingsparken?

– Eg fekk vite om Nyskapingsparken gjennom min kontakt med BTO (Bergen Teknologioverføring), og i 2012 fekk me plass, fortel John.

– Inkubatoren ser etter gründerbedrifter med gode idear og vekstpotensiale, gjerne vekst ut over Noreg sine grenser.

 – Her er det ingen som lukker døra, alle drar nytte av og hjelper kvarandre, det er utruleg gjevande å vere del av denne delingskulturen. Me får impulsar frå andre bransjar, får innpass i, og kompetanse gjennom, andre sine nettverk. Me lærer av andre sine røynsler så me slepp å gjere same feilen sjølv. Me har også tett oppfølging frå dei tilsette i Inkubatoren, får rådgiving og faglege innspel, og drar nytte av det store kontaktnettet deira.

- Dette sparer me enormt mykje tid på.

 

God hjelp gjennom etablerarstøtte

Før Keystone flytta inn i Nyskapingsparken fekk dei etablerarstipend gjennom Innovasjon Noreg. I tillegg gjennomgjekk dei programmet Subsea First Step, der dei fekk rådgiving i utvikling av forretningsplan, budsjett og strategi, samt korleis ein kan presentere seg for potensielle investorar.

– Alt dette har me hatt nytte av og vidareutvikla her i inkubatoren, fortel John. – Det kan også vere nyttig å lese om kva støtteordningar som finst, som nettstaden www.kom-an.no.

 

Ser lyst på framtida

Sjølv om Keystone berre har eksistert i tre år, har selskapet allereie fått kundar i Noreg, USA, Storbritannia, Brasil og Singapore.

– Produktet vårt har begynt å bli godt kjent i marknaden, seier John.

Keystone har ikkje brukt mykje pengar på marknadsføring, ut over å delta på messer som ONS og OTD i Stavanger, men etterspurnaden er likevel stor. Og no er dei klare for neste fase; å finne finansielle investorar for å vekse raskare, primært gjennom fleire tilsette.

– Produktet har ei rekkje kundar i dag, og nye kjem til kvar månad. No treng me å auke farten gjennom eit større team, og levere fleire løysingar i Noreg og globalt.

 

Råd til andre gründerar?

– Mine beste råd til andre bedrifter i startsfasen er å bruke tid på å validere ideen før ein bruker mykje tid og pengar på utvikling. Ha fokus på å selje frå dag ein, du treng ikkje eit 100 % ferdig produkt for å byrje å selje. Omgå andre gründerar og tidlegfasebedrifter, og ha alltid tett kontakt med kundane. Terrenget endrar seg konstant i marknaden, og du må kunne halde følgje, seier John Zachariah.

 

Les meir om Nyskapingsparken

 

Kontaktinfo

Bedrift: Keystone.no AS
Kontaktperson: John Zachariah
E-post: john@keystone.no
Telefon: 453 95 050
Adresse: Thormøhlensgate 51 (VilVite), 5006 Bergen
Nettside: www.keystone.no

Nyskapingsparken – eit supertilbod til gründerar

Grunder På Kontoret Nyskapingsparken Foto Camilla Waage

Er du ei nystarta gründerbedrift frå forskings- eller utdanningsmiljø (FoU) på leit etter rimelege kontorlokale, samt ønskjer få tilgang til skreddarsydd rådgiving og nettverk? Då kan Nyskapingsparken Inkubator vere noko for deg.

TicketCo – Grenselaus læring og utvikling første året

Ticketco Bottolfsen

Kåre Bottolfsen viser til tida han har hatt kontor i Nyskapingsparken i Bergen. Kåre er gründer og dagleg leiar i TicketCo. Firmaet har utvikla ei sjølvbetjent arrangørplattform for sal, distribusjon og verifisering av billettar. Saman med Carl-Erik Moberg flytta han inn i Nyskapingsparken i oktober 2012. Teamet er godt integrert og dei to har klare oppfatningar om kva som er gevinsten med å ha kontor her.

Vilvite Keystone John Zachariah Vilvite Bergen