Ingrid og Kathrine vil gjere folkehelse enkelt og sosialt

Ingrid Kristiane Fardal og Kathrine Marthinsen kallar seg samfunnsentreprenørar. Det er å tenke nyskapande om samfunnsproblem, og å kombinere dette med økonomisk forsvarleg forretningsdrift, seier dei. Men faget er så nytt at det er få jobbar å søke på. I august 2012 etablerte dei difor si eiga bedrift: Folkelig.

Folkelig Ingrid Kathrine Betre folkehelse med Ingrid og Kathrine bak bedrifta Folkelig. Foto: Folkelig

Nasjonal satsing på folkehelsearbeid
“Vi må forebygge sykdom og fremme helse i alle sektorer i samfunnet. Det er hver enkelts ansvar. Og det er et felles ansvar.” sa helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre då han la fram meldinga ”God helse – felles ansvar” i april i år. I framtida skal det satsast meir på førebyggande helsearbeid. Som del av satsinga blei det for ein del år sidan oppretta studietilbod i folkehelsearbeid ved fleire høgskular. Faget omhandlar mellom anna kosthald, fysisk aktivitet, samfunnsplanlegging og helsepsykologi. 

Ingrid Kristiane Fardal og Kathrine Marthinsen har bachelor i folkehelsearbeid frå Høgskolen i Bergen.  Dei to er levande engasjerte i helsefremmande arbeid og god livskvalitet, og fulle av idear om korleis folk kan ta vare på helsa si på enkle måtar. 

 

Ein forretningsidé blir til
Mange er opptekne av helse og kosthald, difor har Ingrid og Kathrine gått fleire rundar for å finne fram til kva nytt og unikt dei kan tilby – kva som skil dei frå andre og som kan ha eit forretningspotensiale.


Dei kom til at Folkelig si tilnærming må vere basert på lågterskelaktivitetar. Med det meiner dei noko som dei aller fleste kan ta del i, som er enkelt, ikkje kostar mykje og ikkje krev medlemskap eller anna organisering. Dei vil nå folk der dei er i kvardagen; i lokalsamfunnet, på arbeidsplassen eller i skulen. Dei vil samarbeide med både frivillige foreiningar, lag, organisasjonar og bedrifter.

– Det finst mange alternativ, men for tida fokuserer vi på prosjekt i samarbeid med bedrifter, seier dei.


Ingrid og Kathrine ønskjer å vere positive: – Du kan ikkje tvinge folk til å vere aktive og ta vare på helsa si, men du kan motivere dei og gje dei forslag til tiltak.

Feelgood-helse er eit omgrep dei likar. Målet er å skape glede, trivsel og sosiale relasjonar rundt aktivitetane – og ideane er mange. For bedrifter kan det vere 15-minutters energipausar i kontortida, merka lunsjløyper, lunsjforedrag om kosthald eller trening for både foreldre og born etter arbeidstid.

I nærmiljøet kan det vere ein app, der ein lett kan finne lokale aktivitetar eller ta initiativ til noko sjølv. Det kan likne på organisert løkkefotball: enkelt, sosialt og uforpliktande. Dei inviterer folk til å bli med i Facebook-gruppa Folkelige Aktiviteter, som er eit pilotprosjekt i Bergen sentrum.

 

Ingen økonomisk hjelp på vegen, men gode nettverk
Ingrid og Kathrine har hatt stor nytte av eit tre vekers etablerarkurs, i regi av NAV og Oslo forretningsutvikling. Deretter var dei med som organisatorar for Startup Weekend Bergen, eit globalt konsept der ein arbeider intensivt frå ide til bedrift på 54 timar. – Dette gav oss mykje positivt, seier dei. – Vi lærte meir om marknadsføring og sosiale mediar. Dessutan fekk vi delta på ulike kurs, mellom anna hos Bergen Teknologioverføring, og vi har fått gode kontaktar i gründermiljøet i Bergen.


Dei har og vore prosjektmedarbeidarar for arrangementet Bergen Health Challenge, eit innovasjonsarrangement i regi av Haukeland Universitetssjukehus. Ungt Entreprenørskap og Microsoft inviterte dei til å fortelje om prosjektet sitt på eit to-dagars symposium om sosialt entreprenørskap i Stockholm.

I tillegg har dei fått tilgang til nyttige arrangement gjennom The HUB på Bryggen i Bergen.

 

Men pengar har dei ikkje fått, difor arbeider både Ingrid og Kathrine deltid for å overleve. – Det hadde vore mykje enklare dersom vi hadde fått noko økonomisk hjelp, seier dei. Men dei har inntrykk av at Innovasjon Noreg støttar produktutvikling framfor tenestebaserte idear. – Vi fell litt mellom to stolar. Innan helse finst det midlar å søke på for kommunar og frivillige organisasjonar. Men vi vil skape ei levedyktig bedrift av ideen vår.

Ein mentor hadde og vore bra, meiner dei to, dei ønskjer helst å bli del av Innovasjon Noreg sin mentorordning.

 

Vegen vidare

Ingrid Kristiane Fardal og Kathrine Marthinsen har i dag kvar sitt enkeltmannsføretak, men målet er å etablere eit AS i løpet av hausten 2013.

Utfordringa er å få bodskapen ut. Dei har satsa på ei enkel og fin nettside, pluss Facebook og Twitter. Målet vidare er å få i gong nokre ulike prosjekt, som døme på kva dei arbeider med.

 

Ingrid og Kathrine sine råd til andre med ein gründer i magen:

– Ikkje ver redd for å snakke om ideen din, ein treng å få tilbakemeldingar og å øve seg på å kommunisere ideen godt. Ta kontakt med folk! Ver litt aktiv, still spørsmål, ver nyfiken og engasjert! Finn fram til gründermiljø som kan støtte deg, og finn folk som er gode på det du sjølv ikkje er så god på.

 

Kontaktinfo
Bedrift: Folkelig
Kontaktperson: Ingrid Kristiane Fardal
E-post: ingrid@folkelig.no
Telefon: 975 89 009
Adresse: HUB, Bryggen
Heimeside: folkelig.no
Twitter: #folkeligbergen

Folkelig Folkelig 3 Folkelig 4 Folkelig 5 Folkelig Ingrid Kathrine2 Folkelig Ingrid Kathrine