Tradisjonsmat vart oppskrifta på eit godt liv for familien på Ikeland Gard

Kom-an.no møter Kjersti Linn Bakke i stova heime på Ikeland Gard, i Lindås kommune i Nordhordland. Det er ein vakker vårdag, med sol, grøne markar og brekande sauer og lam som beitar i skråninga bak huset. Her bur Kjersti Linn med sambuar Sigve Andreas Hopland og borna Andreas på 6 og Anna Eline på 4 år.

Ikeland Kjersti Linn-Foto: Nina Skauge Kjersti Linn lev draumen ut og driv si eiga bedrift på Ikeland Gard.

Kjøtproduksjon på garden

Sigve kjøpte garden i 1996 og starta gardsdrift og sauehald med det same. I 2003 flytta Kjersti inn. Ho hadde fagbrev som kokk, og stor interesse for mat, difor var det naturleg å tenke på eigen kjøtproduksjon på garden. – Eg hadde laga pølser i 12 år, som hobby, og så har eg alltid hatt lyst til å drive for meg sjølv, seier ho.

Ho kom i kontakt med sambygdingen Lars Øyvind Hillstad, og dei fann ut at dei kunne samarbeide. Lars dreiv med hjorteoppdrett, eg synes det var ein mykje betre ide å sende hjortekjøt til Kjersti Linn for tørking og røyking enn til Evanger.

 

Lærte av Magnhild frå "Folk ved fjorden"

For å lære meir om kjøt- og pølseproduksjon reiste dei på besøk til Magnhild Dyrdal, no godt kjend frå filmen ”Folk ved fjorden”. Magnhild var i ferd med å trappe ned produksjonen sin, og var glad for at ungdomen ville bringe kulturarva hennar vidare. Det eine besøket vart til fleire, og Kjersti Linn har no vore i lære hos Magnhild sidan hausten 2012.

– Eg føler mest at eg renn dørene ned hos henne, seier ho. Men Magnhild lar meg prøva og feila. Eg ser oftast at hennar måte å gjera ting på er den beste, for ho har så mykje kunnskap om tradisjonsmat som ein aldri ville fått lært på ein kokkeskule.

Samarbeidet med Lars Øyvind er bygd på tillit: Han slakter, ordnar med veterinærgodkjenning og heng kjøtet til modning. Ho røyker, og saman lager dei pølser.

– Til røykinga bruker eg helst oreved, men bjørk og bøk er òg bra. Bror min finn fin ved til meg når han er i skogen, og lager spon til røykinga. Or gir smak og fin raudfarge til kjøtet, så eg treng ikkje tilsette kunstig farge med nitritt.

 

Utvida produksjon og lokale

I vinter har Kjersti Linn fått hjelp av sambuar og far til å bygge eit tørke- og røykehus på garden. Huset er bygd utan banklån, og det er ho stolt av. No ligg ei lang grøft over tunet og ventar på røyr som skal føre vatn og straum fram til det nye huset. Når det er på plass og Mattilsynet har godkjent, kan produksjonen ta til frå hausten av. Det skal bli spekepølse, fårepølse, hjortepølse, lammelår, pinnekjøt og anna tradisjonsrik vestlandsmat.

– Noko av det kjekkaste er å følgje dyra. Då kan eg sjå korleis kjøtet er påverka av fór og levetilhøve. Sauane går til dømes i dei bratte bakkane her, og får god mosjon, difor har kjøtet lite feitt. Og det fine med pølser er at ein òg kan nytte avskjer, så heile dyret blir brukt, seier Kjersti.

 

Kjersti Linn marknadsfører varene på nettsida si. Ho blir òg invitert til ulike arrangement for å by fram produkta sine og har fått fin omtale i lokalaviser. Og så er vener og kjende flinke til å reklamere på blant anna Facebook. 

 

– Eg har for det meste greidd meg sjølv, med god innsats frå vener og familie

– Eg begynte på ein søknad til Innovasjon Noreg ein gong, men gav opp. Sånne søknader tar mykje tid, og eid del av det dei spør om verkar meiningslaust i høve til det eg driv med. Så eg fann ut at eg heller ville klare meg sjølv. Redninga mi då eg starta opp var at Sigve hadde to månader fri mellom to jobbar, så han kunne ta i eit tak.

– Elles har eg fått gode råd og blitt godt motteke av rettleiar Silje Andvik Hoaas i næringsavdelinga til Lindås kommune. Eg har òg fått 30.000frå Næringsfondet til ein elektrisk pølsestappar og eltemaskin. Dei kosta 70.000, så det kom godt med. 

 

Vegen vidare

– Eg er økonomiutdanna, og kunne hatt ein godt betalt jobb, men eg ville ikkje bytte. Livskvalitet er viktig for oss, seier ho.

– Og så kan ungane vekse opp på ein gard, og ha mor si heime. Drar vi på ferie tar vi til å lengte heim etter tre-fire dagar, der er trafikk og mykje å passe på. Her kan dei springe rett ut og leike. Og så likar dei å hjelpe til på garden. Når sauane skal på fjellbeite hjelper alle til. Det er eit fela styr, men ungane er flinke til å samle og fange sau som spring i alle retningar.

– Fjellbeitet er ein støl tilhøyrande garden, ein halv times gange opp i fjellet ovanfor her. Delar av stølen, 48 dekar, er no ferdig inngjerdt og rydda med handemakt. Det tok tre år, seier ho og ler.

– Eg treng ikkje gå på treningsstudio. Ho fekk litt økonomisk støtte til ryddinga. Det rekte til gjerde, bensin og nye kjeder til motorsaga.

Kjersti Linn har planar for framtida. Draumen er å få bygd eit produksjonslokale på garden. Med kjøken, frys og kjøl. Der vil ho ha kvilerom og toalett, så ho kan ha tilsette ein gong i framtida. Det må til om produksjonen skal aukast. Frå Magnhild Dyrdal har ho fått råd om å satse stort, så ho kan utvide om det trengst.

Kan hende ho må søke om støtte til den planen, men så var det dette med skjema då..., Kjersti Linn vedgår at ho er meir glad i praktisk arbeid enn i papir.

 

Kjersti Linn Bakke har desse råda til andre gründerar:

– Hopp i det! Det er enkelt å tenka tanken om å satsa, men å faktisk gjera det er den største bøygen. Er du sikker på at du har ein god ide eller produkt, må du ikkje la nokon stoppa deg.

Ikkje ver redd for å spørja andre om synspukt og råd, men ikkje ta alt for god fisk. Det er lurt å kjenna på si eiga magekjensle. Det som er viktig for deg og din ide, samsvarar kanskje ikkje med andre sine meiningar og anbefalingar.

Sist men ikkje minst, prøv å ikkje stressa. Start forsiktig og bygg deg opp gradvis i ditt eige tempo, slik at du får tid til å analysera situasjonen og vegen vidare. Kva passar for deg og din situasjon? Ein gjer seg nyttige erfaringar på vegen med å prøva og feila.

 

Kontaktinfo
Bedrift: Ikeland Gard
Kontaktperson: Kjersti Linn Bakke
E-post: post@ikelandgard.no
Telefon: 41 40 84 16
Adresse: Ikeland 55, 5912 Seim
www.ikelandgard.no

 

Les også døme av Alver Hjort

Ikeland Fyrste Opptenning I Røykehus-Foto: Sigve Andreas Hopland Ikeland Gard-Foto: Nina Skauge Ikeland Kjersti Linn-Foto: Nina Skauge Ikeland Kjøt-Foto: Nina Skauge Ikeland Pølse-Foto: Nina Skauge Ikeland Tørke Og Røykehus-Foto: Nina Skauge