Havfiske, lubbesild og russiske oligarkar på Bømlo

Bedrifta Opplev Bømlo organiserer og tilrettelegg arrangement og opplevingar på Bømlo for både private og bedrifter. Bedrifta blei starta i januar 2012 av Vidar Onarheim, med Tove Stavland som dagleg leiar. Dei to kaller seg både eventarrangørar, kulturformidlarar og turisthjelp. Begge hadde bakgrunn frå Wärtsilä, og gjennom arbeidet der såg dei eit behov for å vise vener og kundar dei mange naturperlene som Bømlo har å by på.

God Stemning I Lavvoen God stemning i lavvoen med Opplev Bømlo. Foto: Kristen Meling.

Føretrekk Bømlo framfor Bahamas

– Alt byrja då me tok med vener ut på havfiske med skøyta til Vidar. Utan båten, Fyrholm 1, ville me sikkert ikkje ha komme i gong, fortel Tove. Me starta før me hadde fått tenkt ut ein skikkeleg forretningsplan.

– Eg hugsar me skulle feire ein stor kontrakt med eit nederlandsk firma, seier Vidar. Me tok dei med ut i båten, sette fram øl, lubbesild og ein tollekniv, og dro til havs. Det vart ein stor suksess, den mest eksklusive serveringa dei hadde opplevd.

Opplev Bømlo kan organisere det meste for bedrifter; frå henting på flyplassen, omvisning, matservering og ein heil meny med andre aktivitetar, som teambuilding, klatrekurs og fridykking. ­

– Me samarbeider med ei rekke lokale leverandørar, kan leige rorbuer og båtar og arrangere turar saman med eit lokalt gullgruveselskap. Dei utanlandske gjestene kjem ikkje til Bømlo for å sole seg, dei er her for roa, nærleiken til naturen, den friske lufta og havet som bryt, seier Tove.

I tillegg får dei ofte servert tradisjonell, lokal mat som fiskesuppe, plukkfisk, komler og bacalao. Dette er noko dei likar, også russiske oligarkar som har funne vegen til Bømlo og blitt viste rundt. Dei har reist i heile verda, har hus på Bahamas og i Italia, men blir frå seg over å få ein pale på kroken og å få trekkje inn frisk luft i Goddeosen!

 

Lokale kulturformidlarar

– Dei positive reaksjonane inspirerte oss til å utvida produktet vårt, mellom anna fekk me plassert ein stor lavvo ved Kulleseidkanalen. I den blir det arrangert både bryllaup, åremålsdagar, barneselskap og utdrikningslag.

– Me har møtt utruleg mykje velvilje frå folk på Bømlo, positiv omtale som gir oss fleire kundar, seier Tove. I 2012 var det vel 2000 personar som deltok på eit av arrangementa.

– Me hadde ein forventning om at bedriftmarknaden ville vera størst, men i dag ser me at arrangment for bømlingar utgjer om lag halve omsetjinga.

Opplev Bømlo har knytt til seg lokale historieforteljarar, og opplever seg sjølv like mykje som kulturformidlarar.

– Me liker å få folk interessert i noko dei ikkje visste dei var interessert i, syne dei verdien av sin eigen lokale historie og kultur, seier Vidar.

– Ein av våre styrker er at me er veldig fleksible når det gjeld kundane sine ønskjer, me held til dømes gjerne arrangementet heime hos ein kunde om det er dét han vil.

 

Marknadsføring via Facebook

– Sjølv om me blei tilrådd å bruke store summar på ny logo, nettside og annonsar, har me vist at me klarer oss med gode opplevingar og god omtale, fortel Tove.

Mesteparten av vår marknadsføring skjer gjennom Facebooksida. Mellom anna har me nyleg hatt ein stor fotokonkurranse der ivrige fotografar frå Bømlo har lagt ut fine naturbilete frå øya. Me ser kor viktig denne sida er for å få ut informasjon, men ikkje minst får me verdifulle innspel og kommentarar frå våre 1600 «venner», både bedrifter og privatfolk.

 

Tilskot frå Regionalt Næringsråd og Innovasjon Noreg skaper nye idear

Gjennom kurs i regi av Samarbeidsrådet for Sunnhordland har Opplev Bømlo blitt oppmoda til å bruke sosiale medier. Dei har også fått verdifull innsikt i omgrepet produktpakking, som handler om korleis ein gjer produkta salbare. Gjennom Bømlo kommune sin rettleiar fekk dei i stand møter med Innovasjon Noreg, og det har resultert i verdifull prosjektstøtte.

– Me har lenge arbeidd med noko me kaller Gull av gråstein, fortel Vidar. Me arrangerer turar til dei nedlagte gullgruvene på Lykling. Deltakarane får vere med og hakke og sprenge etter gull, og er dei heldige finn dei kanskje ein klump!

– Nyleg fekk me 30000 i stønad frå Samarbeidsrådet. Pengane vil bli brukt til å utvikle eit nytt prosjekt innan kulturhistorisk vandring. Me vil presentere ein vikingfamilie som me kan spinne ei historie rundt. Gjennom eit opplegg som varer i 1,5 time kan me vise arkeologiske utgravingar og gravhaugar her på Bømlo. Me klør i fingrane etter å sy saman ein god presentasjon som kan passe for grupper opp mot 40 personar, seier Tove.

Sjølv om offentleg tilskot er kjærkomment utgjer det berre ein liten del av prosjektutviklinga, resten er eiga investering i tid og pengar.

 

Har de gode råd til andre gründerar?

– Har du ein god ide må du berre hoppe i det, ikkje sit og vurder for lenge, forretningsplan og budsjett får komme etter kvart. Ta utfordringane når dei dukker opp, seier Vidar.

– Start i det små, la det utvikle seg steg for steg, supplerer Tove.

Dei er begge samde om at ein gjennomarbeida forretningsplan og eit budsjett er viktig, og at ein helst bør skaffe seg rekneskapsførar.

 

Kva med framtidige opplevingar?

– Me har heldigvis eit aktivt styre med oss. Gradvis kjem me sikkert til å spisse produktet vårt, satse meir på det som gir mest inntekt, fortel Vidar.

Om det blir tilrettelegging av turar for fleire oligarkar eller utvida satsing på bømlingar og lokale bedrifter, har ikkje Vidar og Tove heilt bestemt, men går det som dei håper vil bedrifta telje mellom fire og seks tilsette om nokre år.

 

Kontaktinfo

Bedrift: Opplev Bømlo AS
Kontaktperson: Tove Stavland
E-post: post@opplevbomlo.no
Telefon: 949 76 715
Adresse: Fylkesnesvegen 31, 5430 Bremnes
Nettside: www.opplevbomlo.no

Fyrholm I Klar For Opplevingar God Stemning I Lavvoen Lavvoen Ved Kulleseidkanalen Tove Stavland Dagleg Leiar