Haaheim Gaard – frå nedlagt gardsbruk til magiske augeblikk på Tysnes

I 2000 kjøpte Torstein Hatlevik eit nedlagt gardsbruk på Tysnes utan straum eller innlagt vatn. I 2009 opna han gardsrestaurant. På tre år har han skapt suksessen Haaheim Gaard, med fleire velhaldne hus, konsertsal, rom for overnatting og ein hage med 1500 roser.

Haaheim Gaard Vakre Haaheim Gaard - våningshus og nybygg i tradisjonell stil. Foto: Haaheim Gaard

Gjestar kjem frå både Hordaland og resten av landet for å oppleve den unike garden, ha samlingar, gå på kurs, feire bryllaup, høyre opera, sjå utstillingar og mykje meir.

Ideen

– Det skulle vere eit hobbyprosjekt, seier Torstein Hatlevik og ler. – Og så tok det heilt av. Av utdanning er han musikar, det var dèt han trudde han skulle drive med resten av livet. Men det eine tok det andre, og garden blei populær. Folk kom, og dei likte seg. Torstein restaurerte gamle hus og fekk nye idear. Han laga mat og tok imot gjestar. Det blei arrangert opera og konsertar, utstillingar og matlagingskurs. Og etter kvart forsto han at Haaheim Gaard var blitt ein suksess som ikkje let seg stoppe.

Men heilt tilfeldig kan det no ikkje ha gått til. Torstein vedgår at han heilt frå starten hadde ein klår idé om kva han ville skape. – Ein plass for magiske augeblikk, kallar han det. – Folk vil bli tilført noko, dei vil ha underhaldning, dei vil lære noko nytt og dele opplevingar, seier han. Og etterspurnaden viser at han hadde rett.

Resultatet

I dag har garden fleire vakre hus. Nokre er renoverte, andre nybygde – alt utført med respekt for tradisjonar og helst med bruk av gamle materialar. Der er sal for konsertar, overnattingsplass til opp til 20 gjester og hage med 1500 roser. I tillegg til seg sjølv har Torstein fem tilsette om vinteren og 13 sommaren. For tida søker han etter fleire.

Tilboda retter seg mot både private og næringsliv. Det er alt frå bedriftssamlingar til matkurs, barnedåp og bryllaup. Ja, dersom nokon vil kome syklande til gards leverer han gjerne syklar på ferjekaia, og tar bagasjen med i bilen.

Vegen vidare

Når vi spør om kva som er målet vidare er det gjestane han er mest opptatt av:

– Målet mitt er at kvar gjest som forlèt Haaheim Gaard skal ha fått med seg nokre magiske augeblikk, seier han.

– Når du skapar noko nytt kan vegen vere bratt i starten, så flater det ut litt når ting har gått seg til. Der står eg no. Men det som ligg framfor meg er meir krevjande, for det er lett å bli litt god, og det er ikkje nok. Ein må jobbe hardt og målretta for å levere høg kvalitet kvar dag. Maten skal vere laga frå botn, brødet vere bakt på garden og krafta kokt på eige kjøken.

Prosessen frå idé til realisering

Utan økonomisk og praktisk støtte hadde det ikkje gått, meiner Torstein Hatlevik. Innovasjon Noreg er største bidragsytar, med investeringstilskot til både byggearbeid og marknadsføring, fordelt på ulike prosjekt. I maknadsføringa er det jobba aktivt mot pressa, for å få god omtale heller enn å kjøpe dyr annonseplass.

Tysnes kommune har ytt bidrag til ny veg, og Samarbeidsrådet for Sunnhordland har støtta hageanlegget og sykkelprosjektet.

Vil du lære meir bør du få med deg NRK sitt 40 minutt langt program om Haaheim Gaard som blir sendt i april 2013, i ein serie som heiter Folk.

haaheim_salat haaheim servering Haaheim gaard 1 haaheim gaard 2 Torstein -hatlevik -haaheim -gaard -bu -prisen -lars -peder -brekk -jpg Haaheim _gard _2011 haaheim_i_vinterdrakt vertskapet_på_haaheim Torstein skjenker vin