Frå liten idé til stor internasjonal suksess

– Det typiske er at ein kan noko om ein bransje eller har nokre kontaktar før ein startar ei bedrift. Eg kunne ingen ting og hadde ingen kontaktar. Eg kunne heller ikkje noko om business, så eg begynte heilt frå scratch. Dette seier Silje Vallestad frå Bergen.

B Safe Silje Vallestad Silje laga si eiga mobilløysing "bSafe". Foto: Silje Vallestad.

Silje hadde berre trong for ei mobilløysing der ho kunne passe på dottera si, som då – i 2006 – skulle begynne på skulen. Ho ville kommunisere med henne og ho ville ikkje at dottera skulle kommunisere med heile verda. Det var starten.

– Eg leita på nettet, for eg tenkte at det måtte jo finnast noko. Men fann ingen ting. Dette var før smarttelefonar, før skjermar hadde farger. Folk brukte mobilen til å sende sms og ringe.

Så – våren 2007 meldte Silje seg på Venture Cup* – og vann. Og hausten 2007 var verksemda Bipper etablert. Ho tok opp lån og tenkte at ho hadde åtte månader på seg til å få inn investorar. Så begynte arbeidet med å ringte rundt for å skaffe pengar. Og det gjekk akkurat; våren 2008 hadde ho den første investoren, og kunne gå vidare.

* Venture Cup er ein nasjonal forretningsplankonkurranse for studentar, der hovudformålet er å stimulere til meir nyskaping nasjonalt.

På den tida tenkte Silje Vallestad at ho måtte utvikle sin egen mobiltelefon, men sånn gjekk det ikkje. Løysinga blei eit program knytt til ein teleleverandør, og hausten 2010 blei Bipper lansert, hos Tele2 i Noreg og Vivacom i Bulgaria.

Men ting endrar seg fort innan mobilteknologi. No har dei fleste vaksne smarttelefon, og rimelege og fargerike utgåver gjer at barn følgjer etter. Suksessen Bipper er difor òg snart historie, for i denne veka vil MobileKids bli lansert, og dette produktet vil erstatte det som før var BipperKids.

Men grunnlaget for Silje er det same:

– Eg som mamma vil vite det same som mine foreldre visste då eg var barn i 1990. Eg vil vite kven barnet mitt kommuniserar med, kor mykje og kanskje når på døgnet. Eg vil vite noko om kontaktnettet, men ikkje kva dei sender melding om, for det høyrer til barnet sitt privatliv.

Eit anna produkt ho tilbyr er bSafe. Det er retta mot kvinner frå 15+. bSafe blei utvikla fordi mødrer tok kontakt og sa dei lånte Bipper-mobilen til barnet sitt når de skulle på byn eller jogge aleine. Med bSafe kan du trykke på ein SOS-knapp om noko skulle hende, og bestemme kven som skal ta imot meldinga. Dei som får SOS kan sjå kor du er og kor du flytter deg. Mobilen kan også filme det som skjer. Eller du kan ha timer, som sender alarm om du ikkje er heime i rett tid.

Om eit par veker blir endå eit nytt produkt lansert. Der har Silje fått med seg nokre av dei største Hollywoodstjernene i lanseringa. – Det var faktisk ei av dei som tok kontakt med oss, og ikkje omvendt, seier Silje. – Veldig spanande. 

Silje vinn internasjonal gründar-pris
I november 2012 var ho i Los Angeles og tok imot Red Herring Global-prisen for Bipper. Dette er den største prisen ein gründer kan vinne.

– Eg er i USA fordi marknaden i Noreg er for liten. Det er naturleg, for eg sa allereie i starten at eg ville bli størst i verda på dette.

Kor går vegen vidare? spurte vi Silje.
Fokuset framover er på business. Ho tek seg av produktideane og det langsiktige perspektivet, medan folk som kan det tekniske tek seg av den delen. Med familie og tre barn på 6, 9 og 12 år seier det seg sjølv at ho ikkje kan gjere alt sjølv.

Kor er du om ti år? 
– Då har eg definitivt seld verksemda. Og då skal eg starte nye verksemder. Eg har mange andre idear. Om det er innan teknologi spelar ingen rolle. Kan hende det er mat. Eller humanitært arbeid. Det er spanande å vere i USA. Her kan ein til og med bli tilsett av ei verksemd berre for å sitte å tenke nye tankar.

Silje sine råd til andre gründarar

Kva råd vil Silje Vallestad gje til andre gründerar som vil opp og fram? Det same rådet ho sjølv fekk hos sin mentor då ho starta: – Du må velje om du vil satse eller ikkje, for ingen investorar vil satse på ein som driv det som eit hobbyprosjekt. Ha 100% tru på det du gjer og finn ut kor lang tid du kan greie deg utan pengar.

Silje er bekymra for at det er for lite nyskaping i Noreg. Ho trur det er for trygt. Sjølv har ho i alle fall vist at det går an å starte på null, jobbe hardt og oppnå stor internasjonal suksess.

Vil du vite meir om Silje Vallestad, sjå www.bipper.com

Sjå bSafe omtale på US news;

Kontaktperson
Navn: Silje Vallestad
E-post:  silje@bipper.com
Internett: Bipper.com
Adresse: Palo Alto, California

Banner _bipperkids Banner _bsafe B Safe Silje Vallestad Silje Vallestad