Folkelokk – suksess i NM og EM gav inspirasjon til vidare satsing

– Me diskuterte litt kva me skulle satse på. Skulle me lage ein app eller eit produkt som aldri før hadde vore laga? Heldigvis våga me å satse på hobbyen vår; folkemusikk og dans.

Folkelokk Aurora, Margit og Eirin lokkar med folkemusikk og dans. Foto: Kristen Meling.

Våga seg til suksess!

Det fortel tre engasjerte jenter frå Ullensvang om då dei skipa Folkelokk UB som del av programfaget «Entreprenørskap og bedriftsutvikling» siste året på Odda vidaregåande skule. Folkelokk skulle vise seg å vere eit klokt val: Dei kom på førsteplass i Hordaland og i NM for unge entreprenørar og fekk deretter ein flott fjerdeplass i EM i London.

Les meir om Folkelokk på EM i London

 

 

Travle jenter på oppdrag i Bergen

Me møter jentene ein regnfull oktoberkveld på Hotel Neptun i Bergen, der dei skal opptre for Brønnøysundregisteret, som held konferanse i byen. Og det er jo passande, ettersom prisane dei fekk førte til så mange oppdrag at dei valde å gjere Folkelokk om til eit AS.

Dei tre jentene – Aurora Aarhus Opheim, Margit Kvalvik og Eirin Tjoflot – trakterer både gitar og fele, i tillegg til at dei syng og dansar. Og dei er høvesvis marknads- og produktansvarleg, økonomiansvarleg og styreleiar i bedrifta. I utgangspunktet hadde dei tenkt at Folkelokk kunne bli ein deltidsjobb to dagar i veka, men etterspurnaden etter songen, musikk og kulturformidlinga har berre auka, så programmet framover er tett. I tillegg til å opptre reiser dei rundt til vidaregåande skuler i Hordaland og fortel om ungt entreprenørskap, på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune, Ungt Entreprenørskap og Odda VGS. Og kvar måndag held dei dansekurs i heimbygda.


– Me lærte utrolig mykje siste året på vidaregåande om det å starte og drive eiga bedrift; korleis føre rekneskap, drive marknadsføring osb. – Me lærte òg å sjå mogelegheiter og å våge å vere kreative. To av oss har drive med folkemusikk og dans sidan barneskulen, og har opptredd i selskap og bryllaup, fortel Aurora. – Me visste at det var dette som inspirerte oss og som var kjekt. Så vår store interesse og hobby blei rett og slett til ei bedrift.

Folkelokk-jentene

Bilde: Folkelokk-jentene på scenen i Bergen, med underhalding for deltakarane på Brønnøysundregistrene sin "Etablererveilederkonferanse". Foto: Kristen Meling.

 

Det starta med Fylkesmessa

Det heile starta då dei stakk av med sju prisar på Fylkesmessa i Hordaland, blant anna prisen som beste UB. Det kvalifiserte for NM, som dei også vann, som dei første frå Hordaland. Neste utfordring var EM i London. Der måtte dei presentere bedrifta på engelsk, og Eirin blei i tillegg valt ut til å representere alle finalistane i BBC si morgonsending, med over sju millionar sjåarar. – Me var dei einaste som stilte i bunad, og fekk sikkert ekstra merksemd av den grunn, fortel Eirin.

 

Oppfølginga frå Hordaland fylkeskommune var viktig

– Me har fått utruleg god hjelp av næringsseksjonen ved Hordaland fylkeskommune, blant anna med råd rundt alt det praktiske. Ei stund var me usikre på om aksjebolag eller enkeltpersonføretak var det beste for oss, men blei tilrådt å skipa eit AS, seier Margit.

– Fylkeskommunen har omtala oss ved fleire høve og gitt oss enorm støtte. Det har vore med på å skape denne bølgja for oss, noko som gjer at me får nye oppdrag heile tida. Me har vært svært heldige. Folkelokk har også fått økonomisk støtte frå heimkommunen og ungdomslaget. I tillegg har dei ein samarbeidsavtale med revisjonsselskapet Price Waterhouse Cooper som inneber støtte på inntil 20.000 kroner.

 

Råd til andre som er i etablerarfase?

– Du må våge å tru at du er flink og du må vere trygg på deg sjølv, seier jentene. – Me var nervøse på Fylkesmessa, men etter det klarte me å sleppa oss meir laus. Spesielt i EM følte me oss trygge. I tillegg må ein bygge nettverk og tenke gjennom kven ein kjenner som kan gi råd. Me lærte kor viktig det er å konkretisere produktet vårt, og å ha på plass gode rutinar for dokumentasjon, oppdatering av nettside, rekneskap og fakturering. – Me lærte alt dette av den flinke læraren vår, Hilde Gjester Hoel, og føler oss no godt rusta.

Les også: Lærar for Folkelokk heidra for god entreprenørskap

– Me utviklar produktet vårt heile tida i tråd med responsen frå publikum, og ikkje minst frå musikk me sjølve blir inspirert av. – Me ville gjere noko med mange ungdommar sine fordommar mot dans og folkemusikk; det er slett ikkje verken gammaldags eller traust, men snarare inspirerande og leikent, seier jentene i kor.

 

Kva er planane vidare?

– Sjølv om me alle tre kjem til å studera vidare frå hausten, forhåpentleg i same by, håper me å kunne ha Folkelokk som deltidsjobb. Det er eit godt alternativ til å sitta i kassa på Rimi, seier Eirin.

Folkelokk blir også representert med to låtar på CD-en Krusingar. – På sikt har me lyst til å skrive eigne tekstar og melodiar, men foreløpig har me rett og slett ikkje hatt tid, seier Margit.

– Målet vidare er å nå ut internasjonalt med musikken, kanskje gjennom eit samarbeid med norske ambassadar. Då håper me å få med oss Innovasjon Noreg. Musikk er eit universelt språk som alle forstår, og passer inn i alle samanhengar.

Jentene ser også for seg at dei kan lære opp andre som er i ein etablerarfase; halde kurs, komme med råd og innspel. Og la andre bli forlokka av deira eigen entusiasme og pågangsmot!

 

Kontaktinfo

Bedrift: Folkelokk AS
Kontaktperson: Eirin Tjoflot
E-post: folkelokk@hotmail.com
Telefon: 986 00 119
Adresse: Postboks 25, 5787 LOFTHUS
Facebookside: https://www.facebook.com/Folkelokk