Dristig og fargesterk møbeldesign frå Vera & Kyte

Vera & Kyte AS er bedrifta til Vera Kleppe og Åshild Kyte. Dei to har mastergrad frå Kunst- og Designhøgskulen i Bergen, 2012. No er dei i gong med å skape seg eit namn som møbeldesignarar og interiørarkitektar.

Åshild Vera Foto Siv Dyb Wangsmo 620

 

Når vi kommenterer at nettsidene deira er på engelsk, svarer dei at det er viktig å tenke internasjonalt.

– Marknaden i Noreg er unik, men ikkje stor nok i seg sjølv. Skal vi leve av dette må vi sjå utover landegrensene, forklarer Vera. Med eit internasjonalt perspektiv har dei etablert studio på USF Verftet i Bergen.

W W Hand VERA KYTE

Bilde: W&W (whisky & water) av Vera & Kyte.

 

Ein møbeldesignar jobbar i fleire år med eit produkt

For ein møbeldesignar er vegen frå idé til ferdig produkt lang. I snitt kan ein rekne to år frå idé til produktet er i butikken. Den første fasen av idéutviklinga skjer helst på teikneblokka. Vidare jobbast det med modellar og prototypar. Når dei er fornøgde med resultatet, må business-sida hentast fram.

Det å selje inn produktet til produsentar er ein viktig del av arbeidet, og den går føre seg på ulike måtar. Deltaking på messer og bransjetreff er gode møteplassar. Konkurransar er ein annen måte. I tillegg til dei opne, har Vera og Kyte vore heldige og blitt invitert til fleire lukka konkurransar.

Betalinga som møbeldesignar er royalty-basert. Grunna omfattande utviklingsprosessar må ein difor smøre seg med tolmod i denne bransjen. Men heldigvis gir masterutdanninga fleire bein å stå på. Som både møbeldesignarar og interiørarkitektar kan dei få inntekter – og inspirasjon – frå innreiingsoppdrag. Dei to har hatt fleire innreiingsprosjekt der dei har fått jobbe med både dei store linjene og detaljert spesialteikning av møblar.

 

Økonomisk støtte i starten er naudsynt for å greie seg

Stockholm Furniture & Light Fair er ei høgt verdsett messe der designarar og produsentar kan møtast, og i 2013 blei Vera & Kyte funne verdige til å få stille ut i avdelinga for unge designarar. Same år blei dei inviterte til London Design Festival, der dei fekk mykje britisk presseomtale. Frå Noreg kom også dronning Sonja på besøk, og ho var entusiastisk og positiv til det dei stilte ut. Å møte folk, prate fag med andre designarar og få tilbakemeldingar på eigne produkt, er til stor glede og nytte, meiner dei to. Dei har fått omtale som dristige og fargerike i norske og utanlandske interiørblad og i bloggar.

Åshild Vera Foto Mario UrbanSlike bransjetreff er alfa og omega for å skape seg eit namn og få ein marknadsverdi, men reising er dyrt for to nyutdanna personer med studiegjeld. Difor er dei glade for reisestøtta dei har fått frå UD. Den gjer det mogeleg å stille ut på internasjonale arenaer. Bergen kommune har òg gitt støtte til utstillingar, i tillegg til eit etablerarstipend. Dette kjem godt med, for det er få støtteordningar retta mot designyrket – faget ligg ein plass mellom kunst og kommersiell verksemd.

Bilde: Vera & Kyte i studio på Verftet. Foto: Mario Urban.

 

Bratt læringskurve det første året

Vera og Åshild er samde om at det har vore tungt å sette seg inn i økonomi, rekneskap, moms og alle skjema og papir som følgjer med eit AS. Heldigvis har dei snart vore gjennom det første året, og reknar difor med at det blir lettare etter kvart. Læringskurva har vore bratt, seier dei, men det er kjekt å meistre nye oppgåver.

 

Har de råd til andre gründerar? spør vi

– Ein bør bruke folk omkring seg og ta imot råd, seier Åshild. – Det er gull verd å finne nokon nøkkelpersonar som har kompetanse på ulike område. Dei har ikkje hatt ein bestemt mentor, og bruker difor folk rundt seg når dei treng hjelp til noko. Til tider har råda blitt mange. – Då gjeld det å sila ut det viktigaste og stole på seg sjølv, seier Åshild. – I tillegg til dette er det veldig kjekt å vere to, skyt Vera inn. Dei er samde i at det å ha nokon å dele gleder og tankar og idear med, er det kjekkaste av alt!

 

Lenkjer

London Design Festival
Stockholm Furniture & Light Fair
Bergen designinkubator

 

Kontaktinfo

Bedrift: Vera & Kyte AS
Kontaktpersonar: Vera Karina Kleppe og Åshild Kyte
E-post: vera.kyte@gmail.com
Telefon: 984 69 845 / 977 82 675
Adresse: Georgernes Verft 12, 5011 Bergen
Nettside: vera-kyte.com

Åshild Vera Foto Siv Dyb Wangsmo Pedestal Alene VERA KYTE Pedestal Close VERA KYTE Pedestal Samlet VERA KYTE W W Close VERA KYTE W W VERA KYTE Åshild Vera Foto Mario Urban Åshild Vera Foto Siv Dyb Wangsmo 620 W W Hand VERA KYTE