Bach Technology har utvikla revolusjonerande ny teknologi for musikkbransjen

Frå september 2013 kan alle som vil abonnere på ei teneste som gir detaljert informasjon om bruken av musikk på 6000 radiostasjonar i Europa, Canada, Japan og Australia. Tenesta heiter MusicDNA, og er disruptive technology. Det er det engelske omgrepet for noko som er så revolusjonerande at det endrar spelereglane i ein heil marknad. Dette fortel Dagfinn Bach, grunnleggar og styreleiar i Bach Technology – etablert i 2007 – som står bak MusicDNA.

Musicdna Radio MusicDNA endrer spelereglane i ein heil marknad. Foto: Bach Technology.

Dette er MusicDNA

For musikkbransjen betyr tenesta til dømes at dei som produserer musikk kan måle effekten av aktivitetar som medieeksponering, konsertar og lanseringar frå dag til dag. Med MusicDNA kan musikarar og apparatet bak planlegge aktivitetar basert på eksakt informasjon om interessa i ein verdsdel, eit land, ein landsdel eller by og få det ut som kart, kurver eller tal.

Like viktig er det at musikarar kan få betalt for bruken av musikken sin, slik dei har rett til ifølge internasjonale reglar. Det siste har tidlegare vore vanskeleg fordi radiostasjonane ikkje har funne artistane, og mange – særleg mindre kjende artistar – har gått glipp av verdifulle inntekter. Tenesta vil òg vere nyttig for store arrangørar, som enkelt kan finne nye up and coming artistar til arrangement.

 

Sporer Ylvis-låta "The Fox"

Under her ser du nokre døme. Tre skjermbilde viser suksessen til Ylvis sin video The Fox. Med nokre få tastetrykk kan Bach sjå at låten er radiospelt 1492 gonger i heile verda i løpet av ei veke i september 2013. Skjermbilda viser avspelingane i Sverige den 18. i Europa og Australia den 23. september:

Skjermbilde Frå Tenesta Musicdna Radiosporing I Sverige 2013 09 18 Kl 13 18 00

Skjermbilde 1: Avspilling av Ylvis-låta "The Fox" i Sverige den 18. september 2013. Foto: MusicDNA.

Skjermbilde Frå Tenesta Musicdna Radiosporing Av Ylvis I Europa 2013 09 23 Kl 08 19 17

Skjermbilde 2: Avspilling av Ylvis-låta "The Fox" i Europa den 23. september 2013. Foto: MusicDNA.

 

Skjermbilde Frå Tenesta Musicdna Radiosporing Av Ylvis I Australia 2013 09 23 Kl 08 19 45

Skjermbilde 3: Avspilling av Ylvis-låta "The Fox" i Australia den 23. september 2013. Foto: MusicDNA.

 

Eit anna døme er Bergens-bandet Young Dreams, som MusicDNA starta å analysere i desember 2012. Den gongen var bandet lite kjent. Så spelte Young Dreams på eit stort show cast-arrangement i Nederland, og i februar 2013 var dei på radio over heile Europa.

 

Tenesta kan òg finne ut kva musikkprofil ulike radiokanalar har, ein informasjon som kan nyttast til å designe nye tilleggstenester. Til dømes program som finn din favorittmusikk på bilradioen, eller program som kjenner att musikk på mobilen eller nettbrettet ditt og lar deg søke etter heilt spesifikke musikkstykke, sjangrar, artistar eller instrument.

 

MusicDNA sitt datasenter i Sognefjorden er blant verdas raskaste

Å abonnere på tenesta er billeg og enkelt, og analysane ein får opp er superraske. Dei kjem frå eit datasenter i Sognefjorden, og her ligg noko av nøkkelen til suksessen. MusicDNA-databasen som ligg her er optimert i samarbeid med Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen sin avdeling for dataoptimering.

Resultatet er ein matching-prosess som er superraskt og som har redusert behovet for datakraft med 85 prosent. Datasenteret handterer i dag 36 000 inngåande musikkgjenkjenningar i minuttet, og er difor blant dei raskaste tenestene i verda for denne type innhald.

 

Mange års utviklingsarbeidarbeid og gode støttespelarar

Det høyrest enkelt ut når Bach fortel, men det har tatt mange år å kome der dei er i dag. Grunnlaget for musikktenesta var ein omfattande musikalsk analyse av 18 000 000 låtar. Dette arbeidet var eit forskingsprosjekt med tilskot frå Hordaland fylkeskommune og Norsk Forskningsråd, og sponsa av Hewlett Packard (HP).

Frå Innovasjon Noreg vart bedriftsprosjektet støtta gjennom ordninga Industrielle forsknings- og utviklingskontrakter (IFU). Les meir om kva IFU/OFU er.

Ein annan viktig samarbeidspartnar er Fraunhofer IDMT, eit verdskjend tysk forskningsinstitutt for musikkteknologi, som blant anna stod bak utviklinga av mp3.

 

I september 2013 blei tenesta lagt ut på nett, og når vi er på besøk er Bach travelt opptatt med planlegginga av lansering i Tyskland. Det skjer på ein stor musikkmesse i Hamburg. MusicDNA har fått i oppdrag å levere dei offisielle spelelistene på radio til heile den tyske musikkindustrien. Bach Technology har også ”radio-overvåka” dei 200 artistane som skal opptre under messa. Det blir eit eige arrangement for desse, sponsa av Music Norway og HP.

 

Kvifor Bergen?

– Fordi eg bur her, seier Bach. Og fordi Bergen har ein svært sterk musikkbransje. Det er ei fantastisk samarbeidsånd i miljøet i Bergen. Folk er rause, og forstår at suksess for den eine er positivt for alle. Dei samarbeider, og ønskjer det beste for kvarandre. Som del av Mediarena held Bach Technology i dag til på Nøstet i Bergen.

 

Framtida

Når vi spør om planane vidare, svarer Bach at dei treng kapital for å kunne utvikle nye produkt, og at dette er eit arbeid som tar tid. I første omgang regional kapital – på sikt internasjonal. Det trengst for å utvikle tenester retta mot til dømes bilindustrien og til konsumentprodukt for mobiltelefonar og tablets.

 

Råd til andre gründerar

– Det er viktig å finne seg partnarar. Ein må ikkje vere redd for å dele, seier Bach. Det å dele kan bety at det kjem opp idear til nye produkt. Folk innan IT- og mediebransjen i Bergen har forstått dette, og er flinke til å dele.

 

KontaktinfoDagfinn Bach1

Bedrift: Bach Technology AS
Kontaktperson: Dagfinn Bach
E-post: dagfinn@Bach.no
Telefon: 905 59 364
Adresse: Nordre Nøstekaien 1, 5011 Bergen
Nettside: corporate.musicdna.com

Bilde til høgre:
Dagfinn Bach bak oppfinninga MusicDNA. Foto: Privat.

Vil du vite meir?

Her er lenker til artiklar i Norsk Forskningsråd og Teknisk ukeblad

Musicdna Skjermbilde Frå Tenesta Musicdna Radiosporing Av Ylvis I Australia 2013 09 23 Kl 08 19 45 Skjermbilde Frå Tenesta Musicdna Radiosporing Av Ylvis I Europa 2013 09 23 Kl 08 19 17 Skjermbilde Frå Tenesta Musicdna Radiosporing I Sverige 2013 09 18 Kl 13 18 00 Musicdna Radio Dagfinn Bach1