Austevollkvinne med oppfinning for verdsmarknaden

Propio Norge AS var nominert til Innovasjon Noreg sin pris Årets gründerkvinne 2013. -Seks gründerar var i finalen – to av dei frå Austevoll. Den eine var Anne-Marthe Dalseide, bedriftsøkonomen som kasta seg utpå industridesign for å realisere ein idé.

Propio Produktet til Anne-Marthe høyrer til i ei bransje der tre store, internasjonale aktørar kontrollerer nærare 80 % av verdsmarknaden. Foto: Propio

– Damer trengs å bli løfta fram, for å motivere og inspirere andre til å kaste seg ut i det. Difor er det fint med sånne prisar. Eg møtte dei andre fem då vi presenterte produkta våre for hovudjuryen, og det var utruleg inspirerande å høyre kva dei held på med. Ein ting var felles – alle hadde sett eit behov, og gått i gang for å løyse det.

Som utdanna siviløkonom har Anne-Marthe tidvis blitt møtt med ein viss skepsis. Har ho verkeleg funne på dette sjølv? Er ho berre den som frontar prosjektet, medan det i realiteten står nokon andre bak? Svaret er at det gjer det definitivt ikkje, og her er historia, i Anne-Marthe sine ord:

– Eg fekk besøk av ei venninne som jobbar med seismikk, og då blir det som regel litt jobbsnakk også. Ho fortalde at det for båtar som jobba med oljeleiting i tropiske område var eit stort problem at groe ("barnacles") festa seg på kablane. Groa veks fort og klumpar seg på gitte områder, noko som fører til reduserte signal i samband med innsamla data og auka vekt, som igjen aukar drivstofforbruket.

Anne-Marthe fekk etter dette ein idé til ei særs enkel og miljøvennleg innretning for å kunne fjerne groe. Ho kalla det The Jellyfish Concept (sjå illustrasjon nedst på sida). Ho tok idéen med til folk i Austevoll som hadde kunnskap på området. Dei såg at idèen var god, samanlikna med tilgjengelege løysingar, for i dag er arbeidet med å fjerne groe eit tungt, manuelt og tidkrevjande arbeid – som heller ikkje er utan fare.

Deretter gav ho idéen vidare til andre, men då ingen ting skjedde, bestemde ho seg for å sette i gang sjølv.

– Produktet er inspirert av naturen og av måten dei sterke elementa i naturen verkar saman. Eininga som blir satt på kablane, er sjølvgåande og fjernar groe når kablane passerer gjennom.

– Eg såg at produktet måtte vere miljøvennleg og sjølvgåande. Det måtte vere uavhengig av maskiner og kjemikaliar, og kunne tilpassast ulike kablar med ulikt utstyr, etter kundens spesifikasjonar. Produktet måtte òg ha god design, vere funksjonelt og innafor HMS vektgrensa (20 kg) til arbeidarane i høve til handtering. Og det måtte kunne flatpakkast, og monterast utan bruk av verktøy.

 

Kontakt med industridesignerar

Anne-Marthe laga nokre skisser og tok med til produktdesignarane i Inventas, og saman gjekk dei i gang. Inventas har stått for teikningar og teknisk produktutvikling, saman med sitt nett av leverandørar. Sjølv har Anne-Marthe hatt kontroll over konsept og idé. Og no – våren 2013 – er det utvikla to prøveprodukt. Det neste blir ein fase med testing og verifisering av sluttproduktet. Produktet er i sluttutviklingsfasen og målet er lansering i haust.

– Vi er i ei veldig morosam fase akkurat no, seier Anne-Marthe. For no byrjar produktet verkeleg å ta form. Det er laga av karbon, etter at andre materiale er testa og forkasta. Det har vore ein krevjande prosess med hard jobbing, men det er no dei fine detaljane kan kome på plass og vi ser korleis det blir. Moro var det òg å vere med på første turen til havs for å teste produktet, og å sjå begeistringa hos dei som var med når det fungerte som det skulle.

 

Vi har fått utruleg god hjelp av mange på vegen

– Eg har fått støtte frå Innovasjon Noreg i etableringsfasen og IFU-midlar (Industriell Forskning og Utvikling). Eg har òg fått mentorhjelp, og det må vere eit av dei beste tilboda frå Innovasjon Noreg. Eg kan ha kontakt med mentoren min når eg treng det, og den hjelpen har vore uvurderleg. Kontakten blei formidla av inkubatormiljøet i Sunnhordland, ATHENO, som eg òg er ein del av, og som har vore til stor hjelp i etableringa. Mykje positiv merksemd i tidleg fase har vore ein særdeles motiverande driv for prosjektet.

 

Stipend, prisar og nominasjonar

  • Regional utviklingsstipend, 2010
  • Utviklingsstipend frå Innovasjon Noreg, 2011
  • Nominert til Fredrikke Qvam-prisen i Bergen, 2011
  • Regionalt utviklingsstipend (to gonger), 2011
  • Nasjonalt utviklingsstipend, 2012
  • Nominert til Technoport,Young Innovation award, 2012
  • Nominert til Årets gründerkvinne 2013, Innovasjon Noreg.

 

Vegen vidare

Produktet til Anne-Marthe høyrer til i ei bransje der tre store, internasjonale aktørar kontrollerer nærare 80 % av verdsmarknaden. Der er store pengar involvert i denne marknaden og hard konkurranse om teknologiar, og ho har difor vore nøye med å sikra seg patentrettar til produktet sitt. – Det er ekstremt viktig å få patentrettane sine på plass, seier ho, og råder alle i same situasjon å bruke Patentkontor og den kunnskapen som finst der.

Jobben vidare blir no å få inn strategiske partnarar og investorar. Anne-Marthe vil bygge opp eit team som kan jobbe vidare med utvikling, produksjon, marknadsføring og logistikk. I denne fasen får ho god nytte av si eiga jobberfaring frå oljebransjen og utdanninga som siviløkonom med tyngde innan internasjonalisering. Difor søker ho folk som kan utfylle med anna kunnskap.

 

Råd til deg som har ein gründer i magen

– Vil du bli gründer må du gå i deg sjølv og finne ut om du er seig nok, seier Anne-Marthe. For seig må du vere. Vil du dette nok? Der er alltid ein sjanse for å mislukkast, og det må du vere førebudd på at du kan gjere. Personleg ville eg gjort alt det same om igjen, sjølv om det har vore tøft. For det har vore så enormt lærerikt. Dei to siste åra er den beste utdanninga eg har hatt. Eg har lært så enormt mykje. Og så viser det at det går an sjølv om du har familie og born.

– Undersøk òg om det finst eit miljø der du held til, som kan bidra og støtte deg. Spør ikkje berre gode vener og familie.

 

Kontaktinfo

Bedrift: Propio Norge AS
Kontaktperson: Anne-Marthe Dalseide
E-post: info@propio.no
Telefon: 997 15 056
Adresse: Bekkjarviksundet 1, 5397 Bekkjarvik

Heimeside: www.propio.no

Les også om Silje Rabben

Les meir om Årets gründerkvinne 2013

Propio The Jellyfish Concept Illustrasjon The Jellyfish Concept Illustrasjon2