Alver Hjort – oppdrett og kjøtproduksjon blei suksessbedrift

– Eg har vore gründer sidan eg vart fødd, seier Lars Øyvind Hillestad då eg spør kor lenge han har halde på. Men så korrigerer han: – Eg var 14 år då eg tok over garden. Guten hadde tidleg interesse for gardsdrift, og dreiv med stall, stutteri og ridesenter i fleire år. Men ridesenteret tok etter kvart opp all ettermiddags- og kveldstid, og han blei lei. Så han fekk ideen om å drive med hjorteoppdrett.

Alver Hjort2 Foto Nina Skauge Hos Lars Øyvind kan du oppleve hjort på nært hald. Foto: Nina Skauge.

Ein hjort med namnet "Jacob"

Alver Hjort Lars Oyvind Foto Nina SkaugeLars Øyvind har alltid har vore interessert i hjort, og då han fekk nokre kalvar, var han i gong. Den første hjorten vi møter på garden er Jacob. Han var ein dag gamal, og morlaus, då han kom til gards. Han budde på badegolvet heime hos Lars Øyvind og kona, og seinare på terrassen. Difor er han nesten meir glad i menneske enn i hjort, og kjem springande for å bli klappa så snart Lars Øyvind viser seg med ei bøtte fór.

Bilete: Lars Øyvind matar hjorten Jacob.
Foto: Nina Skauge.

 

Etter kvart har det blitt til ein stor hjorteflokk, som beiter på ulike innhegningar rundt garden. Dyra stammer frå villhjort, og det er viktig:

– Ein må ta vare på den reine genetiske arven, seier Lars Øyvind. – Fiskeoppdrett har lært oss at det å tukle med naturen kan få store følgjer dersom dyr med anna genmateriale får blande seg med den naturlege stamma.

 

Villhjort på hausten

I tillegg til eigne dyr, jaktar Lars Øyvind stort sett det meste om hausten. Lindås kommune har dei siste åra hatt ei avskyting på vel 500 dyr. Det har i årevis vore for mykje hjort i fylket, så jakt er viktig for å halde bestanden nede. I tillegg til eigne dyr, tek han imot dyr frå andre, som han leverer tilbake ferdig partert og vakuumpakka.

 

Samarbeider med sambygding

Den siste satsinga er produksjon av pølse og andre produkt av hjortekjøt, som han no gjer saman med Kjersti Linn Bakke frå Ikeland gard. 
Du kan lese meir om Kjersti Linn på desse nettsidene

 

– Det er vanleg at bønder samarbeider, seier Lars Øyvind, og vi har funne fram til ei form som er enkel og effektiv. Vi legg inn like mykje i både arbeidsinnsats, råvarer og bygningsmasse. Ho røyker og tørker kjøtet hos seg, og pølseproduksjonen vert gjort hos meg. Til slutt deler vi produkta likt; ho sel sin del under eige merkenamn og eg gjer det same med min. Det er fin arbeidsdeling, som gjer at vi får nytta både råvarer, bygningsmasse og utstyr makismalt. Dessutan er det inspirerande å samarbeide.

 

Lars Øyvind vil helst greie seg sjølv

Han var i kontakt med Innovasjon Noreg, der han hadde møte med ein hyggeleg mann som vart tent på ideen og som vist han vidare til den avdelinga i organisasjonen som hadde med gardsmat å gjere. Men der opplevde han at dei ikkje hadde like stor tru på ideen hans. 

 

– Etter det møtet bestemde eg meg for å stole på meg sjølv, og det er eg stolt av, seier Lars Øyvind. Det viser at det går an å kome i gong også utan offentleg stønad.

Han forklarer: – Eg driv ei privat verksemd der marknad og etterspurnad bestemmer, og eg ikkje treng ikkje å svare for nokon som er over meg. Interessa for lokal og sunn mat aukar, særleg blant ungdom. Og hjortekjøt er naturleg, godt og magert.

 

Vegen vidare

Lars Øyvind driv òg med leigekøyring med maskinane på garden, og skogsdrift og brøyting om vinteren. Vi spør om det ikkje gjeld å gjere ein ting om gongen når ein held på med så mykje, men nei: – Eg held alltid på med mange ting på same tid, seier Lars Øyvind lattermildt.

 

Til hausten skal han ha klar ny driftsbygning. Då får han frigjort huset som tidlegare høyrde til ridesenteret. Der skal det bli kurs- og undervisningslokale. Han samarbeider med Norsk hjortesenter om å spreie kunnskap om hjort. Det er ei ny og veksande næring. Det er no åtti som driv med dette i heile landet. – Eg er den einaste i Hordaland, og eg kan ikkje dekke etterspurnaden etter hjortekjøt her, seier Lars Øyvind Hillestad.


Kontaktinfo

Bedrift: Alver Hjort
Kontaktperson: Lars Øyvind Hillestad
E-post: post@alverhjort.no
Telefon: 907 88 961
Adresse: Alvervegen 37, 5911 Alversund

www.alverhjort.no

 

Sjå også døme av Ikeland Gard

Alver Hjort2 Foto Nina Skauge Alver Hjort3 Foto Nina Skauge Alver Hjort Foto Nina Skauge Alver Hjort Lars Oyvind Foto Nina Skauge Alver Hjort Produksjonslokalet Lars Oyvind Foto Nina Skauge