Lær av andre - bli inspirert

Her finns døme på gründerar og eldsjeler som har lukkast med etablering av bedrift eller prosjekt.

Du kan tipse oss om ein idé eller bedrift

  • TicketCo – Grenselaus læring og utvikling første året

    Kåre Bottolfsen viser til tida han har hatt kontor i Nyskapingsparken i Bergen. Kåre er gründer og dagleg leiar i TicketCo. Firmaet har utvikla ei sjølvbetjent arrangørplattform for sal, distribusjon og verifisering av billettar. Saman med Carl-Erik Moberg flytta han inn i Nyskapingsparken i oktober 2012. Teamet er godt integrert og dei to har klare oppfatningar om kva som er gevinsten med å ha kontor her.

  • Keystone tar snarvegen til suksess i Nyskapingsparken

    – Eg hadde ikkje sett for meg at verdien av å sitje saman med andre gründerar ville vera så stor, det har vore inspirerande og lærerikt, samstundes som det har spart oss for betydelege beløp. Det seier marknadsansvarleg i Keystone.no, John Zachariah, etter eit år i Nyskapingsparken.

  • Bach Technology - MusicDNA

    Frå september 2013 kan alle som vil abonnere på ei teneste som gir detaljert informasjon om bruken av musikk på 6000 radiostasjonar i Europa, Canada, Japan og Australia. Tenesta heiter MusicDNA, og er disruptive technology. Det er det engelske omgrepet for noko som er så revolusjonerande at det endrar spelereglane i ein heil marknad. Dette fortel Dagfinn Bach, grunnleggar og styreleiar i Bach Technology – etablert i 2007 – som står bak MusicDNA.

  • Verda neste for Etne si einaste IT-bedrift

    – Skal ein lukkast i denne marknaden krevst det hardt arbeid og ein porsjon flaks slik at ein er på rett stad til rett tid. Det seier administrerande direktør i Promineo, Leif Arild Åsheim. Selskapet, som har hovudbase i Etne, har i 12 år utvikla og levert programvare for prosjektstyring til norsk offshoreindustri. Men i det siste har dei også fått utanlandske firma til å velje si softwareløysing; mellom anna NASA.

  • Frå liten idé til stor internasjonal suksess

    – Det typiske er at ein kan noko om ein bransje eller har nokre kontaktar før ein startar ei bedrift. Eg kunne ingen ting og hadde ingen kontaktar. Eg kunne heller ikkje noko om business, så eg begynte heilt frå scratch. Dette seier Silje Vallestad frå Bergen.