Hordaland sitt tilbod til etablerarar

Etablerersenteret vert vidareført etter at Business Region Bergen vart lagt ned ved nyttår. Hordaland fylkeskommune tek over drifta og vidarefører tenesta på vegne av medlemskommunane.

Etablerersenteret June Sidsel Foto: Sidsel og June i Etablerersenteret.

Etablerersenteret vidareførast

Etablerersenteret leverer etablererkurs, rådgjeving og nettverkstreff til etablerarar, gründerar, oppstartsbedrifter og entreprenørar. Etablerersenteret er det offentlige sitt tilbod til målgruppa.

Etablerersenteret har lang og brei erfaring innanfor fagfeltet. Rådgjevarane er gode diskusjonspartnarar og forretningsutviklarar for deg som treng hjelp i etablerings- og vekstfasen.

Etablerersenteret vidareførast med ny drakt og profil, og ein ny nettstad med kursoversyn.

Sjå Etablerersenteret si kurs- og aktivitetskalender

 

Kontaktpersonar:

Sidsel Humberset
June Kristiansen

Etablerersenteret Logo

2. mars 2017 Jon Erik Vollan