Ny gründerpark i Os

Bjørnefjorden gründerpark opna 9. februar 2017. Dei første gründerane har allereie signert leige av kontorplassar i gründerparken i Os sentrum.

Bjornefjorden

Ein ny gründerpark i Os sentrum
Her kan nystarta bedrifter, gründerar, pendlarar møtast og utvikle sine bedrifter.

- Vil du starte for deg sjølv og treng kontorplass og tilgang til verdifull kunnskap og ressursar, er dette staden å vere, seier Daniel Skotheim, næringssjef i Os kommune.

Som leigetakar i Bjørnefjorden gründerpark får du tilgang til fleksible kontorarbeidsplassar, sosialt og fagleg fellesskap, ressursar hos Bergen Teknologioverføring (BTO), næringsråd og kommunar, og næringssjef og næringsliv i bjørnefjordregionen.

I tillegg får du bli med på aktiviteter og kurs for kompetanseheving, nettverksbygging og organisasjonsutvikling. Inkludert er også fri tilgang til møterom, kjøkken og alle fasilitetar du kan vente frå eit moderne kontorfellesskap.

Interesserte vert oppmoda å kontakte Daniel Skotheim for meir informasjon.

Den 9. februar vert det ope hus i gründerparken

Bjørnefjorden gründerpark

 

8. februar 2017 Jon Erik Vollan