NCE Maritime CleanTech vann Sivaprisen 2016

Den maritime klyngen frå Hordaland vart tildelt Sivaprisen på 300.000 kroner for sitt nyskapingsarbeid. Føremålet med prisen er å løfte fram eit innovasjonsmiljø som over tid kan syne til særlege kvaliteter innanfor samarbeid, omstilling og utvikling.

Cz7a1414 Kopi 1000X667 Bilde: Nils Aadland og Marte Jensen fra NCE Maritime CleanTech tar imot Sivaprisen fra Sivas adm. dir. Espen Susegg, styreleder Kristin Reitan Husebø, konferansier Solveig Kloppen og Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Noreg. Foto: Siva.

I begrunninga for tildelinga til NCE Maritime CleanTech heiter det blant anna:

«Vinneren av Sivaprisen for 2016 er en offensiv organisasjon, og fungerer som en viktig aktør i det nyskapingsarbeidet som foregår i bedriftsklyngen de er en del av. Gjennom etablering av gode samarbeidsarenaer, innhenting av impulser fra inn- og utland og gjennom stort engasjement, har vinneren bidratt til utvikling av nye produkter og tjenester som vil være viktig for storsamfunnet.
Vinnermiljøet har også vært aktiv i formidling og promotering av bedrifter og prosjekter som er tilknyttet miljøet, både gjennom aviser og sosiale media, og overfor ungdom som står foran valg av utdanning og yrke.»

– Dette er ein sektor kor Noreg har ein globalt leiande posisjon og som må nyttast som fundament for utvikling av ny og fremtidsretta industri.

Sivas innovasjonsdirektør Kjerstin Spjøtvoll har leia juryarbeidet og er særs nøgd med vinnaren:

– Dei fem miljøa i årets finale representerer alle spanande miljø for nyskaping og næringsutvikling – som juryen er sikker på at vi berre har sett dei første resultata frå. Årets prisvinnar NCE Maritime CleanTech er eit føregangsmiljø for utvikling og kommersialisering av nye miljø- og klimavennlege løysinger, særleg innanfor maritim sektor. Dette er ein sektor kor Noreg har ein globalt leiande posisjon og som må nyttast som fundament for utvikling av ny og fremtidsretta industri.

– Dette er stort for alle som deltek i klyngearbeidet. Å bli vinnar av Sivaprisen syner at samarbeidet vårt for nye maritime løysingar blir lagt merke til, og ei anerkjenning me tar med oss i vidareutviklinga av ei verdsleiande maritim næring i regionen vår, sier daglig leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.

Fem kandidater var med i finalen:

 

Nyskapingsparken Inkubator (Bergen)
Nyskapingsparken er Bergens eineste inkubator og er eid av Bergen Teknologioverføring. Målet deira er å gje bedriftene en raskare og sikrare veg frå etablering til vekst.

Hellenes  (Førde)
Hellenes ambisjon er å koble sammen egen og andres kompetanse og ressurser i næringslivet, utdanningssektoren og forskningen.

SoCentral (Oslo)
SoCentral utvikler nye løsninger på lokale og globale samfunnsutfordringer. Deres nordiske inkubator for samfunnsinnovasjon holder til over to etasjer på Sentralen i Oslo.

NCE Maritime CleanTech (Stord)
NCE Maritime CleanTech er ein næringsklynge lokalisert på Sørvestlandet. Dei har bedrifter frå heile den maritime verdikjeda, leverandørar av fornybar energi, og forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Kjeller Innovasjon (Kjeller, Lillestrøm)
Kjeller Innovasjon arbeid for å skape verdiar frå forsking. Dei har utvikla bedrifter som omsett for 4,2 mrd. og sysselsett nær 1.300 medarbeidare.

 

Sivaprisen er ny av året og temaet for 2016 er omstilling i næringslivet. Den endelege vinnaren vart kåra ved hjelp av ein open avstemning og ein breitt samansatt fagjury. Kriteriane for årets pris var også i tråd med hovudtema for Sivakonferansen 2016: «Det modige valget».

 

Kriterier:

  • Bidratt vesentlig til nyskaping
  • Bidratt til å åpne nye markeder
  • Bidratt til innovasjon gjennom samarbeid
  • Tatt modige valg som har vært avgjørende for suksess
  • Fremstått som rollemodell, inspirert andre og delt kunnskap

23 ulike miljø vart nominert etter en open påmeldingsprosess. Av desse gjekk fem kandidatar vidare til finalen. Fagjuryen besto av Kjerstin Spjøtvoll, Siva (juryleiar), Bente Sollid Storehaug, gründer og investor og Frode Halvorsen Technoport og Trondheim Makers.

 

Les heile saka på Siva.no

 

 

11. mai 2016 Jon Erik Vollan