Etablerarfond i Hordaland 2016

Har du akkurat starta, eller ønskjer du starte ega bedrift? Du kan no søkje Etablerarfonda om tilskot på inntil 50.000 kroner for å auke kompetansen din innan marknad og økonomi.

Arbeid Foran Pc Page Business Region Bergen har fått tildelt eit nytt Etablererfond i 2016 på vel 2,6 millioner kroner frå Hordaland fylkeskommune. Dette kan du som gründer og etablerar søkje om. Kvar søkjar kan få inntil 50.000 kroner. Foto: BRB

 

Bedrifta må være starta i 2016, eller det må vere ein intensjon om å starte bedrifta innan eit år frå tildelinga er løyvd. Søknadane blir behandla fortløypande.

 

Kva kan det søkjast midlar til?
Tilskotet frå Etablererfondet skal bidra til gjennomføring av naudsynte tiltak i tidleg oppstartsfase, og skal gje gründeren kompetanse om marknad og økonomi. Aktuelle aktivitetar kan vere:

  • Kundeundersøkingar
  • Brukarstudier og anna kartlegging for auka brukarinnsikt
  • Testing og vidareutvikling av forretningsidé
  • Kostnadar knytt til nettverksbygging
  • Styrking av kompetanse innan forretningsutvikling


Kriterier for tilskot frå Etablererfondet

  • Bedrifta som er etablert eller som skal etablerast må ha adresse og forretningskontor i ein av dei kommunane etablerarfondet gjeld. Det er tre etablerarfond i Hordaland som vert forvalta av:
    • Business Region Bergen (gjeld kommunane Gulen, Masfjorden, Modalen, Lindås, Austrheim, Fedje, Radøy, Meland, Bergen, Osterøy, Voss, Vaksdal, Samnanger, Fusa, Os, Sund, Øygarden, Askøy og Fjell)
    • Samarbeidsrådet for Sunnhordland (Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes)
    • Hardangerrådet (Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik)

  • Målgruppa for etablererfondet er bedrifter som er etablert i 2016, eller kor ambisjonen er å etablere ei bedrift innan eit år etter at midlane frå fondet er løyvd.
  • Midlane vert løyvd som tilskot på inntil 50.000 kroner til ny næringsverksemd som fell utom Innovasjon Noreg si ordning med "etablerartilskot til gründerbedrifter med vekstambisjonar og ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden". Tilskot vert løyvd innanfor råmene av bagatellmessig støtte. Alle verksemder som kan etablere minst eit årsverk, kjem innanfor ordningen.
  • Tilskot frå etablererfondet skal bidra til gjennomføring av naudsynte tiltak i tidlig oppstartsfase og gje gründerar kompetanse om marknad og økonomi.

 
Tilskotet kan ikkje nyttast til:

  • Drift av næringsvirksomhet eller organisasjoner (t.d varelager, husleige, marknadsføring)
  • Kausjon eller anna økonomisk garanti
  • Direkte eller indirekte investeringar i verksenda si eigenkapital
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekter

 

Dei tre etablerarfonda er lyst ut på eige sider hjå forvaltarane, og det må søkjast elektronisk på www.regionalforvaltning.no

 

Business Region Bergen
Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Hardangerrådet

 

19. april 2016 Jon Erik Vollan