Waffle Pitch kvar fredag på Impact Hub Bergen

Har du ein idé du vil dele med andre eller treng hjelp til ei utfordring? -Bli med på "Waffle Pitch"!

Vaffel 620 310

Kvar fredag inviterar Impact Hub Bergen til vaflar og "pitch" - ein metode der ein snakkar saman med andre om korleis ein idé kan verte betre eller ei utfordring kan løysast.

Konseptet er enkelt
Det vert servert deilige vaflar og lunsj, du møter opp i kafeen på Impact Hub Bergen, lytter til andre som "pitcher" eller du gjev sjølv ein "pitch" om din idé.

Dette er ein god måte å presentere ideen din eller verksemda, eller for å løyse spesifikke utfordringar.

Ein kan også berre vere med for vaflane si skuld.

Følg Impact Hub Bergen på Facebook: www.facebook.com/hubbergen

 

11. mars 2015 Jon Erik Vollan