Årets bygdeutviklingspris gjekk til Strilalam frå Sotra

Dei ivrige bøndene fekk prisen overlevert av Nina Broch Mathisen direktør i Innovasjon Noreg Hordaland på Entreprenørskapskonferansen 2014.

1660390 10152531153346267 1902474250733437524 N

10615998 10152531153301267 5549502258102924150 N

Strilalam - gir meir smak!
Bøndene seier at prisen gjer meirsmak for deira samarbeid og kvalitetsarbeid. Bøndene som saman står bak Strilalam BA lagar kortreist og lokalt foredla kvalitetskjøt frå Sotra og omegn. For å kallast "Strilalam" må lamma vere fødd på Sotra eller i kommunane i omegn. Kjøtet er produsert med omtanke og kvalitet i alle ledd.

Fekk skryt
Direktør Nina Broch Mathisen seier at bøndene lukkast med omstilling og samarbeid, noko som skil seg ut frå andre bransjar. Strilalam er eit godt døme på korleis betre samhandle med samdrift innan landbruket.

Kvalitet på gamlemåten
For å oppnå den aller beste kvalitet vert produkta modna på den gamle måten. Dette gjerast ved å la kjøtet henge i kjølerom med låge temperaturar, før oppdeling. Da får ein fram eit smakfult produkt som nærmast smelte i munn!

Prisen vart delt  ut på Entreprenørskapskonferansen 2014 i Bergen den 18. november.

 

Gratulerer med BU-prisen 2014 til Strilalam

Les meir om Strilalam BA

Sjå fleire bilder frå konferansen på facebook

 

19. november 2014 Jon Erik Vollan