Gründertelefonen - eit supert tilbod for gründerar!

Har du ein god idé til bedrift eller prosjekt? Trong for å snakke med nokon om idéen og korleis utvikle den vidare? Ring Gründertelefonen!

Grundertelefonen

 

Sjå også: kontakt din rettleiar i din kommune

DU kan ringe Innovasjon Noreg si teneste "Gründertelefonen", som er ei nasjonal ordning for gründerar og idéhavarar.

Her kjem du i kontakt med erfarne rådgjevarar som kan hjelpe deg vidare på vegen med utvikling av idé og forretning. Samtala vert behandla konfidensielt.

Gründertelefonen er ope mellom 9:00-15:00 måndag-fredag.

Tenesta er gratis.

Tips: Ringer du frå fasttelefon i Noreg er telefonsamtalen gratis.

 

Klikk på bildet og du vert vidaresendt til Innovasjon Noreg si nettside

Grundertelefon1

 

15. oktober 2014 Jon Erik Vollan