Oppfinnarprisen for første gong til ei kvinne

Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris 2013 vart delt mellom to vinnarlag som begge kjem frå forskingsmiljøet ved Universitetet i Bergen. Og for første gong fekk ei kvinne oppfinnarprisen.

Begge vinnarlaga er tildelt prisen for utvikling av diagnoseverktøy til bruk i oppdrettsnæringa, og tek for seg helsetilstand og sjukdom hos fisk.

Bedrifta Quantidoc ved Karin Pittmann og Bjarne Ravnøy får prisen for oppfinninga «Mucosal Mapping» som er ein metode for å slimtesta og måla helsetilstanden til fisk. Karin Pittmann er den første kvinna som får fylkeskommunen sin oppfinnarpris.

Frank Nilsen og Per Gunnar Espedal får oppfinnarprisen for oppfinninga «Gentest for resistent lakselus».

Prisen vart utdelt av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen under fylkestinget sitt møte 11. desember.

Les heile saka på hordaland.no

 

12. desember 2013 Jon Erik Vollan