Nye LivOGLyst-prosjekt frå 2014

Rekruttering av nye prosjekt for 2014 vart starta ved LivOGLyst-konferansen 3. oktober 2013. Til prekvalifiseringa kom det inn 20 søknadar, der 14 vart godkjent og fylgt opp til ny endeleg søknad.

Etter innstilling frå arbeidsgruppa for LivOGLyst-programmet har styret vedteke fylgjande tildeling:

 

Tre treårige prosjekt, á kr 100 000 i tre år, sum kr 300 000 i 2014:

  • 5334 Hellesøy – her vil me leva og bu – «at the end of the road». Søkjar: Nærmiljøutvalget for Bakken Krins.
  • Vitalisering av Gruveområdet på Litlabø, samt skapa felles identitet i bydelen Sagvåg/Litlabø. Søkjar: Venelaget for Gruo.
  • LivOGLyst Fonnesvågen. Søkjar: Fonnes bygdelag.

 

To eittårige a kr 70 000, sum kr 210 000 i 2014:

  • «Strandstaden Sunde og kyst- og litteratursenter». Søkjar: Sunde kyst- og litteratursenter.
  • FemFemti. Søkjar: FemFemti, Grimo


 
Stimuleringsmidlar til assosierte prosjekt, sum kr 120 000 fordelt med kr 40 000 på tre prosjekt:

  • 1 -2 – Trebygda. Søkjar: 1 -2 –Trebygd-gruppa, Granvin.
  • Fedje og folket for eit livskraftig sentrum. Søkjar: Fedje kommune.
  • Lindåsbygda og slusene – Frå oske til eld. Søkjar: Norhordland Næringshage AS.


Fem nye assosierte prosjekt, utan finansiering:

  • Vekst i Stamnes. Søkjar: Stamnes Bygdalag.
  • Porten mot Byfjorden. Søkjar: Sandviksboder Kystkultursenter AS.
  • Eit lite stykke Hardanger. Søkjar: Ullensvang Herad.
  • iModalen. Søkjar: iModalen.
  • Kvinnherad – Dei levande bygdene. Søkjar: Kvinnherad Næringsservice.

 

Til alle nye: GRATULERER og velkommen til programmet og nettverket!
 

Minner om at de alle setter av 14.-15. februar 2014 til «Avsparkkonferanse LivOGLyst 2014». Dette er eit obligatorisk nettverksmøte som er særs viktig for nye prosjekt.

Les meir om LivOGLyst

16. desember 2013 Jon Erik Vollan