Bergen designinkubator

Inkubatoren – som blei opna i 2007 – er utvikla for å stimulere designkompetansen og styrke nyutdanna studentar i å etablere eigen næring. Den held til i kulturhuset USF Verftet i Bergen.

Bak tiltaket står Bergen kommune, Kunsthøgskulen i Bergen og USF Verftet. Målet er at fleire nyutdanna unge frå kulturbaserte næringar skal slå seg ned i byen og lukkast med å skape seg ei livskraftig bedrift.

Inntil fem kandidatar kan kvart år få tilbod om ein arbeidsplass med infrastruktur, fagleg oppfølging og kontakt med næringsliv og ulike kompetansemiljø. Dei kan ha kontoret i inntil to år, til sterkt redusert leige, som dekker både straum, breiband, møbler og innreiing.

Sjå meir på: www.bergendesigninkubator.no

12. november 2013 Jon Erik Vollan