LivOGLyst-konferansen for prosjektåret 2014

Konferansen vert arrangert den 3. oktober på Verftet i Bergen. Det er spesielt lagt til rette for at kommunar og lokalsamfunn kan kome i gang med idédugnad og skisse til LivOGLyst-søknad på sjølve konferansen.

Her Er Det Godt Aa Vere Ole Yssing Bilde: Her er det godt å vere. Foto: Ole Yssing.

LivOGLyst-programmet i Hordaland er tufta på heilskaplege og inkluderande utviklingsprosessar. Lokal mobilisering og prosess er viktig for langsiktig utvikling av lokalsamfunnet.

Får hjelp undervegs
Partnarskapen i Hordaland samarbeider om nettopp å stimulere lokalt entreprenørskap og mobilisering i lokalsamfunna, på ein systematisk og vedvarande måte gjennom LivOGLyst, seier programleiar Kari Patricia Kleppe ved næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune.

Prosjekta får også god tilgong på rettleiing, nettverk og støtte undervegs. Deltaking på den årlege konferansen er ein spesielt god og viktig start for prosjektdeltakarane, held Kleppe fram.

Med lokalsamfunn meinast også bydelar og bynære områder. Kleppe legg til at det er allereie no mogleg å starte arbeidet med utforming av søknaden ved å registrere søknaden elektronisk på regionalforvaltning.no

LivOGLyst byggjer på fem pilarar;Livlyst Large Farger

  • Økonomisk stønad
  • Ei dør inn til det regionale virkemiddelapparatet
  • Ei proaktiv arbeidsgruppe
  • Erfaringsutveksling
  • Kompetanseheving

 

Målet med LivOGLyst er å halda fram med programmet slik at læringsprosessen vert vidareført og lokalsamfunn, bygder og bydelar får eit oversiktleg tilbod utover ulike prosjektperiodar.

Meir om LivOGLyst

 

Partnarskapen i Hordaland ønskjer alle nye og eksisterande prosjekt velkomen til LivOGLyst-konferansen den 3. oktober 2013, på Verftet i Bergen.

 

Påmelding innan 19. september 2013

 

Påmelding til konferansen her

 

Her Er Det Godt Aa Vere Ole Yssing2

Bilete: Det er godt å bu og vere i Hordaland. Foto: (C) Ole Yssing.

4. september 2013 Jon Erik Vollan