Den store konferansehausten

I haust vert det arrangert fleire kurs og konferansar i og rundt Hordaland. Her er ei førebels oversikt.

Imagewithfallbackca9r1q61 Klar for kurshausten? Foto: BRB

Kurs og konferansar er viktige stader å møtast, men også viktige for faglig påfyll og for å byggje nettverk. I haust vert det  arrangert fleire kurs og konferansar for rettleiarar og for etablerarar.

Kurs for etablerarar finns under "Kurs"

 

Her følgjer ei oversyn over kurs og konferansar for rettleiarar og offentleg tilsette. Dette kan også vere aktuelle arrangement for etablerarar.

 

10.-11. september: Samling for rettleiarar

Fyrst ute er rettleiarsamling 2, med spesialkurs i forretningsmodellering. Kurset vert halden på VilVite i Bergen og er mynta på rettleiarane i kommunane.
Meir info om Rettleiarsamling 2

 

19. september: Næringskonferansen 2013

Næringskonferansen er Hordaland fylkeskommune sin årlege konferanse for alle offentlege og private verkemiddelaktørar, som arbeid med næringsutvikling. Også kommunar, regionråd, næringshagar, inkubatorar og gründerar er velkomne her.
Meir info om Næringskonferansen 2013

 

24.-25. september: Vestlandske Vidsyn

Vestlandske Vidsyn er ein årleg konferanse på Vestlandet, Fyrste gong denne vart halden var på Voss i 2011. I år vert denne konferansen halden i Ålesund.
Meir info om Vestlandske Vidsyn

 

3. oktober:  LivOGLyst-konferansen

Den årlege LivOGLyst-konferansen vert arrangert att, med invitasjon til opptak av nye prosjekt i lokalsamfunna i Hordaland. Konferansen vert halden på Verftet i Bergen.
Meir info om LivOGLyst-konferansen for prosjektåret 2014

 

23.-24. oktober: Etablererveilder 2013

Brønnøysundsregistrene arrangerer Etablererveileder 2013 i Bergen. Partnarskapen i Hordaland er stolte av å kunne invitere alle interesserte landet rundt, til denne viktige møteplassen. Konferansen er slått saman med årets Entreprenørskapskonferanse i Hordaland.
Meir info om Etablererveilder 2013

 

Partnarskapen i Hordaland ønskjer alle rettleiarar og etablerarar ein riktig god og innhaldsrik kurs- og konferansehaust!

 

Sjå kurs og konferansar under Kurs

 

6. september 2013 Jon Erik Vollan