Vestlandske Vidsyn 2013 - meld deg på i dag!

Fristen for påmelding til Vestlandske Vidsyn er 8. september (utvida frist). Konferansen, som er den tredje av sitt slag, vert i år arrangert i Ålseund by den 24.-25. september.

Flyer Vestlandsk Vidsyn 24 25 "Me treffast i Ålesund på Vestlandske Vidsyn"

Vestlandsk Vidsyn 2013 – møteplass for lokal utvikling, Ålesund, 24-25. september 2013

Infoside | Påmelding

 

  • Kva skal til for å skape attraktive lokalsamfunn?
  • Korleis kan innvandringa til Vestlandet bli ein ressurs for bygdene?
  • Kan kommunane bli betre på utviklingsarbeid trass dårleg økonomi?
  • Kva betyr kommunikasjon når ein skal få gjort noko?
  • Har Vestlandet ein sjanse i konkurransen om høgkompetent arbeidskraft?
  • Kven er det eigentleg vi utviklar bygda for?

 

Dette er nokre av tema som blir tatt opp på Vestlandsk Vidsyn 2013 – møteplassen for alle som brenn for lokal samfunnsutvikling. Vi inviterer til fagleg påfyll og inspirasjon, både for frivillege eldsjeler i bygdelaga, tilsette og politikarar på kommune og fylkesnivå, prosjektleiarar, samfunnsengasjerte bedriftsleiarar, forskarar og andre med interesse for lokalt utviklingsarbeid.

 

Smakebitar frå programmet:
Snakk med meg! Komikar Fredrik Steen reflekterer over korleis kommunikasjonen mellom oss har endra seg, og betydninga av å snakke saman for å få noko gjort.

 

Den nye bygda. Bygdeforskar Bjørn Egil Flø stiller spørsmål ved rådande trendar innan bygdeutviklinga.

 

Frå Potsdam til Ytre Gjemnes. Kunstnar og designer Madlen Behrendt fortel korleis det eigentleg er å innvandre til ei vestlandsbygd.

 

Slutt å synse! Distriktssenteret har oppsummert forsking på lokal utvikling. Kan dei konkludere om kva som skal til for å lukkast?

 

Med 18 nasjonalitetar i arbeidsstokken. Marine Harvest fortel om behovet for arbeidsinnvandring og utfordringar for bedrifta og lokalsamfunnet i Herøykommune.

 

Bratt friluftsliv lokkar ingeniørar til Molde. Lene Varhaugvik Avset frå Axess fortel korleis dei nyttar regionen sine naturlege fortrinn i jakta på dyktige folk.

 

Blir det vekst når ting skal gå sakte? Nils Jakobsen frå Sokndal vil dele erfaringar frå Cittaslow-nettverket

 

I tillegg blir det blant anna innlegg om rekruttering av høgkompetent arbeidskraft, om styrking av utviklingskapasiteten i kommunane og om korleis folkeleg engasjement kan skape næringsutvikling. Og ikkje minst blir det mange gode samtalar med engasjerte lokale utviklarar frå heile Vestlandet. 

 

Vestlandsk Vidsyn er eit samarbeid mellom fylkesmenn og fylkeskommunar langs vestlandskysten, frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord, samt Distriktssenteret. Dette er tredje året konferansen blir arrangert. 

Infoside

Påmelding

15. august 2013 Jon Erik Vollan
Flyer Vestlandsk Vidsyn 24 25 Flyer Vestlandsk Vidsyn 24 25 1