Omdømmeskule med Distriktssenteret 2013

Distriktssenteret arrangerer Omdømmeskule for femte år på rad. Tematikken er strategisk fokus på lokal utvikling. Påmelding innan 27. august.

Omdømmeskulen er for politisk- og administrativ leiing i kommunar, kommuneplanleggjar, lokale samfunnsutviklar, representantar frå næringsliv, og personar i regionråd.
 
Samlingane
Omdømmeskulen vert gjennomført over 3 samlingar á 2 dagar. Samlingane i 2013 vert:

  • 16. – 17. oktober i Norheimsund
  • 12. – 14. november i Bodø
  • 14. – 15. januar i Drammen

 
På samlingane vekslar arbeidsforma mellom fagleg undervisning, diskusjonar, praktiske eksemplar på utviklingsarbeid og tid til å diskutere egne prosjekt/erfaringar. Som deltakar på Omdømmeskulen har du forplikta deg til å delta på alle tre samlingane, gjennomføre heimeoppgåver mellom samlingane og dele kompetanse med dei andre deltakarane.
 
Omdømmeskulen er gratis, men ein dekker opphald og reise sjølv. Kvar kommune/region skal delta med minst 3 deltakarar. Desse skal representere utviklingsressursar i lokalsamfunnet med representantar frå administrativt og politisk nivå, og gjerne med eksterne samarbeidsparter innan næringsliv eller frivillig sektor.
 
Påmelding
Meld deg på innan 27. august på Distriktsenteret sine nettsider
 
Vi legg vekt på at kommunen/regionen ser ein kopling mellom lokalt utviklingsarbeid og omdømme, og viser dette i skjema som de sender inn.
 

Om Omdømmeskulen
Distriktssenteret har sidan 2009 årleg arrangert ein Omdømmeskule. Det faglege innhaldet på skulen handlar om strategisk arbeid med lokal utvikling. Vi legg vekt på samanhengen mellom strategiske planar for utvikling og omdømme. Dersom ein kommune er tydeleg på ønskja utvikling i sine kommunale planar og klarer å gjennomføre utviklingsprosjekt i den retning, så vert omdømme eit resultat av arbeidet ein gjer.

7. juni 2013 Jon Erik Vollan