Folkelokk til EM i London

Ungdomsbedrifta Folkelokk frå Odda skal representere Noreg og Hordaland i EM i London den 17.-19. juli 2013. Det er første gongen ei ungdomsbedrift frå Hordaland vinn Noregsmeisterskapet og kvalifiserer seg til EM for ungdomsbedrifter.

Folkelokkpremen500 Dei tre jentene i Folkelokk UB gjekk heilt til topps og skal representere Noreg i EM i London til sommaren: Eirin Tjoflot (f.v.), Aurora Aarhus Opheim og Margit Kvalvik, med prisutdelar Maalfrid Brath. (foto: Kaja Baardsen/Ungt Entreprenørskap).

Viktig for Hordaland
Kvart år vert det arrangert fylkesvise- og nasjonale konkurransar for å blant anna kåre årets ungdomsbedrift.

Folkelokk sin seier i NM og vidare deltaking i EM er ei viktig milepæl for ungdomen og entreprenørskapssatsinga i Hordaland, seier seniorrådgjevar Torill Monstad, ved næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune.

Aktive Folkelokk - klare for EM
Jentene bak Folkelokk har vore svært aktive etter sin NM-seier i mai, og har hatt mange ulike oppdrag. På 17. mai deltok dei blant anna i NRK-overføringa frå Odda.

Ein del av førebuinga til EM er blant anna ein heil «treningsdag» med Ungt Entreprenørskap, Ferd og Manpower i Oslo. Vidare skal det vere middag med ulike partnarar, som skal fungere som mentorar og gje gode råd til dei unge gründarane.

Vi heiar på Folkelokk under EM!
Saman med opplæringsdirektør Svein Heggheim og næringssjef Mette Nora Sætre, Odda vidaregåande skule og Ungt Entreprenørskap, deltek Torill Monstad i heiagjengen til dei tre gründer-jentene under EM i London.

Det vert svært spanande å få lov til å følgje og heia på Folkelokk under EM, seier Monstad. Og spesielt å samanlikne nivået her heime med andre dyktige ungdomsbedrifter frå heile Europa.

Vi ønskjer Folkelokk all suksess under EM i London!

Les heile saka på www.hordaland.no

Europe Company of the Year Competition 2013

13. juni 2013 Jon Erik Vollan