Vidsynte vestlendingar samlast i Ålesund

Vestlandsk Vidsyn er ein årleg møteplass for alle som brenn for lokal samfunnsutvikling. Etter inspirerande dagar på Voss og på Nordfjordeid tidlegare år, er det ei glede å ønske velkomen til nytt treff i Ålesund.

Flyer Vestlandsk Vidsyn Mai 2013

Vestlandske Vidsyn 2013 vert arrangert i Ålesund, Rica Parken Hotel, tysdag 24. - onsdag 25. september 2013. 

Aalesund

I år vil vi mellom anna setje fokus på følgjande tema:

  • Attraktivitet – frå forsking til praksis. Korleis måle samfunnsutvikling og attraktivitet? Kva skal til for å lukkast? Konkrete døme frå Vestlandsfylka. 
  • Arbeidsinnvandring sikrar veksten, men gjev også utfordringar for Vestlandet. Kor avhengige er vi eigentleg av arbeidsinnvandring? Kven er det som kjem? Korleis kan innvandrarane bli ressursar i lokalsamfunna våre? Korleis utfordrar dette bedriftene, kommunane, organisasjonslivet og kvar einskild av oss?
  • Næringslivet som lokal samfunnsutviklar. Kva kan den lokalpatriotiske investoren bidra med? Korleis kan eit slikt samarbeid bli nyttig for alle partar? 
  • Kan bygdemobilisering gje nye arbeidsplassar? Mange bygder får støtte til å utvikle seg gjennom lokale mobiliseringsprosessar. Kan dette bidra til nyetableringar og næringsutvikling? Korleis gjer vi det, og korleis er dette i så fall kopla til det offentlege sine satsingar på entreprenørskap?
  • Rekruttering av høgkompetent arbeidskraft. Korleis konkurrerer vi med storbyane? Kva er erfaringane med ulike rekrutteringstiltak? Har det effekt?
  • Korleis styrke utviklingskapasiteten? Kommunane møter krav om å levere stadig betre tenester med stadig færre tilsette. Er det likevel mogleg å drive lokalt utviklingsarbeid?

Her blir det spennande innlegg med vekt på praktisk erfaring, og rom for meiningsutveksling og nettverk.

Vestlandsk Vidsyn er eit samarbeid mellom fylkeskommunar og fylkesmenn på vestlandet og Distriktssenteret. Målet er å inspirere og gje fagleg påfyll til alle som driv lokalt utviklingsarbeid, anten det er lokale eldsjeler i eit bygdalag, lokalpatriotiske bedriftseigarar, kvardagsheltar i kommunen, politikarar eller forskarar med interesse for temaet.

Program og påmelding kjem i juni.

www.vestlandskvidsyn.no

Vestlandsk Vidsyn er ein årleg konferanse om lokal samfunnsutvikling, i regi av fylkesmenn og fylkeskommunar på Vestlandet og Distriktssenteret.

3. mai 2013 Jon Erik Vollan