Prisvinnande stadutvikling i Norheimsund

Statens pris for attraktiv stad 2013 til Norheimsund i Kvam Herad.

Norheimsund BEST I LANDET: Norheimsund er årets mest attraktive stad. Foto: Kvam herad.

Pressemelding frå Kommunal- og regionaldepartementet

Stadutviklinga av Norheimsund er eit godt døme for andre stader, og er ein verdig vinnar av årets pris.

- Norheimsund kan vise fram resultat som gjer at juryen har kåra staden til vinnar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Det er jobba systematisk med planlegging og investeringar i tettstadutvikling. Utviklinga er ynskt, langsiktig og skal halde fram!

I Norheimsund har dei godt samarbeid mellom lokale utviklingsaktørar som kommune, næringsliv og frivillige. Mange utviklingsprosjekt er blitt realisert i dette samarbeidet. Arbeidet med stadutviklinga har generert kreativitet, dugnadsarbeid, tiltakslyst og handlekraft i lokalsamfunnet.

Den nye, årlege kåringa av Statens pris for attraktiv stad skal framheve og heidre kommunar og andre som har vist vilje og evne til å skape ein levande og attraktiv stad å bu, arbeide, drive næring og besøke.

- Gjennom denne prisen håpar eg å vise fram at slikt langsiktig, målretta og breitt samarbeid nyttar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Det er andre gongen prisen vert delt ut.

Arbeid med historie
Gjennom ein tettstadanalyse med breie involverande prosesser tidleg på 90-talet, vart det klart at Norheimsund ikkje utnytta sine fortrinn når dei vende ryggen mot sjøen.

I 1999 var første byggjesteg på fjordpromenaden ferdig, og med ny gjestehamn var dette med å gje sentrum eit løft som møtestad med liv og røre i tilknyting til butikkane.

- I 2013 opnar siste del av fjordpromenaden. Det langsiktige samarbeidet mellom offentleg og privat sektor er ein sentral årsak til at Norheimsund har lukkast med sitt utviklingsarbeid, framhevar Liv Signe Navarsete som gler seg til å vitja Norheimsund tysdag i neste veke.

Statsråd Navarsete overrekkjer sjølv prisen, som er ei pengegåve på 250.000 kroner. Pengane skal nyttast til tiltak i Norheimsund.

Livlyst Large Farger

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

 

27. mai 2013 Jon Erik Vollan