Optimisme i næringslivet i Hordaland

Næringsbarometeret byggjer på ei landsomfattande spørjeundersøking gjennomført av NAV i mai 2013, som var retta mot verksemder innafor alle næringsområde. Barometeret viser stigande optimisme i nesten alle bransjar samanlikna med i fjor, men og at verksemder i Hordaland slit med rekruttering.

Samla Vurdering Fig 2 Figur: Samla forventingsindeks, målt som gjennomsnittet av dei fire delindeksane omsetnad, tilsette, lønsemd og investeringar. Kjelde: Bedriftsundersøkinga.

Vil rekrutteringsvanskar bremse veksten?
Næringslivet i Hordaland ser ut til å vere upåverka av lågkonjunkturen i Europa. Næringsbarometeret viser stigande optimisme i nesten alle bransjar samanlikna med mai i fjor.

Den samla forventingsindeksen går opp frå 12 til 21 poeng. Særleg oppmuntrande er det at investeringsviljen har tatt seg opp att. For eitt år sidan venta like mange auke som nedgang i investeringane. No er det langt fleire som ventar å auke investeringane.

Les mai-utgåva av Næringsbarometeret på www.naringsbarometeret.no

 

Fakta:
Næringsbarometeret for mai 2013 er utarbeidd på oppdrag frå partnarane Hordaland fylkeskommune, NHO, NAV og Innovasjon Norge, av ideas2evidence.

Forventingsindeksar
I undersøkinga vart næringsaktørane bedne om å vurdere utsiktene i år samanlikna med 2012 for ei rekkje faktorar, mellom anna talet på tilsette, omsetnad, investeringar og lønsemd. ideas2evidence har nytta svara på desse spørsmåla til å rekne ut forventingsindeksar for desse faktorane.

Samla forventingsindeks
Samla forventningsindeks er ganske enkelt gjennomsnittet av forventingsindeksane for tilsette, omsetnad, investeringar og lønsemd. Det er normalt denne samla forventingsindeksen som blir nytta i samanlikningar mellom næringar og regionar.

Les mai-utgåva av Næringsbarometeret på www.naringsbarometeret.no

14. mai 2013 Jon Erik Vollan