Møt Mark Robinson i Bergen

Gründereksperten frå Silicon Valley fortel om korleis ein kan nå fram på ein internasjonal marknad. Samlinga går over to dagar på VilVite den 21.-22. mai.

Business Bootcamp
Det er ei intensiv todagars samling, der entreprenørar og gründerar kan lære meir om internasjonale marknader og korleis nå fram med eiga verksemd.

Mark Robinson held ein Noregs turné i fleire byar, mellom anna Bergen på VilVite. Han har tidligare vitja Bergen på den årlege GROW-konferansen 17. april.

Film av Mark Robinson

 

Arrangør er Innovasjon Noreg

Meir informasjon om Business Bootcamp

25. april 2013 Jon Erik Vollan