Folkelokk er beste ungdomsbedrift i Noreg

– Dette er den beste kjensla eg har hatt. Vi er i sjokk, seier dagleg leiar Margit Kvalvik etter at Folkelokk UB frå Odda gjekk heilt til topps i konkurransen om den beste ungdomsbedrifta i Noreg. Dei tre jentene skal delta i europameisterskapen i London til sommaren.

Folkelokkpremen500 Dei tre jentene i Folkelokk UB gjekk heilt til topps og skal representere Noreg i EM i London til sommaren: Eirin Tjoflot (f.v.), Aurora Aarhus Opheim og Margit Kvalvik, med prisutdelar Maalfrid Brath. (foto: Kaja Baardsen/Ungt Entreprenørskap).

Glede og overrasking
– Det er ei blanding av glede og overrasking. Vi hadde lyst til dette, men vi såg at det var mange, flinke ungdomsbedrifter i NM. seier Margit Kvalvik som saman med Aurora Aarhus Opheim og Eirin Tjoflot tilbyr skreddersydde kulturopplevingar med folkemusikk og dans, ispedd deira eigen ungdommelege vri.

Til EM i London
Til daglig er dei tre jentene elevar ved Odda vidaregående skule. I dag er trioen Noregs beste ungdomsbedrift 2013. Sigeren medfører EM-billett til London der dei skal representere Noreg i konkurranse med dei beste ungdomsbedriftene frå heile Europa.

Jury utan tvil
Juryen var ikkje i tvil om kven som skulle gå heilt til topps:
«Smittende entusiasme og begeistring, høy innlevelse og integritet er avgjørende for å lykkes. Når dette brennende engasjementet blir kommersialisert blir det også god bedrift. Solide og reflekterte svar på alle spørsmål, både det å styre bedrift og ha kontroll på økonomi. Bedriften har sterkt kundefokus og er allerede etablert i markedet. Bedriften har også et innovativt navn, som lokker oss til å trekke de helt fremst».

Leselyst
Folkelokk fekk og ein tredjeplass i «spleiselagets rekneskapspris», mens Leselyst UB, og frå Odda vidaregåande skule, tok sølv i kategorien «beste sosiale entreprenør».

Ambisjonar
– Dette er ein fantastisk prestasjon, og eg er svært stolt over at det var våre elevar som gjekk heilt til topps i år. Desse jentene har ambisjonar. Dei har stort engasjement for det dei held på med, og dei har viljen til å gje det lille ekstra. Eg gratulerer, seier administrerande direktør Inger Grete Strømme i Ungt Entreprenørskap Hordaland. Ho håpar prestasjonane vil inspirere lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar i fylket til å satse endå meir på entreprenørskap i utdanning.

Glede over sigeren: Eirin Tjoflot (f.v.), Aurora Aarhus Opheim og Margit Kvalvik. (foto: Kaja Baardsen/Ungt Entreprenørskap).

Glede over sigeren: Eirin Tjoflot (f.v.), Aurora Aarhus Opheim og Margit Kvalvik. (foto: Kaja Baardsen/Ungt Entreprenørskap).

29. april 2013 Jon Erik Vollan