35 millionar kroner til Bulyst 2013

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) lyser no ut 35 millionar kroner til lokale og regionale bulystprosjekt. Satsinga er inne i sitt fjerde og siste år.

- Me ser at det er stor interesse for lokalt utviklingsarbeid i norske distriktskommunar, og dette er eit arbeid eg meiner det er viktig å støtte opp om, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Erfaringar frå tidlegare syner at slike nasjonale satsingar verkar. Dei gjev større merksemd kring eit viktig arbeidsfelt i regional- og distriktspolitikken, dei skaper lokalt engasjement og mobilisering, og styrker motivasjonen for å drive lokalt utviklingsarbeid. Bulystpengane skal vere med og styrke arbeidet for meir attraktive lokalsamfunn, og er eit viktig supplement til andre verkemiddel innanfor den breie distrikts- og regionalpolitikken.

- Den tidlegare småsamfunnssatsinga og Bulyst syner at det er eit stort mangfald av aktive, engasjerte og flinke folk i Noreg som har hjarte for sine lokalsamfunn. Det er difor ei stor glede for meg, når eg kan vere med og legge til rette for at det skjer so mykje positivt i norske bygder. Mange distriktskommunar har hatt ei positiv utvikling dei siste åra. Bulystmidlane skal vere med og styrkje denne utviklinga, seier Liv Signe Navarsete.

- Også i år gler eg meg til å sjå kva slags spanande prosjektsøknader som kjem i samband med den nye utlysinga. Eg vil oppmode alle som har gode idear til lokale utviklingsprosjekt om å sende inn søknad til bulystsatsinga 2013, seier statsråden.

Søknadsfrist er 8. mars 2013.

Nærare informasjon om korleis ein skal gå fram for å søke finn de i utlysinga på www.regjeringen.no/bolyst

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Saka er henta frå Kommunal- og regionaldepartementet sine nettsider

31. januar 2013 Jon Erik Vollan