Oppfinnarpris til Holberg EEG

Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris for 2012 blei tildelt Holberg EEG AS for ein unik metode og standard for å registrere hjerneaktivitet. Pido (på bildet) fekk heiderleg omtale frå juryen.

Pido-oppfinnarprisen-hederligomtale-fylkesordførarNilsen-Foto-HFK For oppfinninga Pido fekk Kristian Pletten (t.v.) og Christer Hansen Eriksen heiderleg omtale. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen overrekte blomar. Foto: Stanley Hauge.

 

Holberg SCORE EEG vann årets pris
Produktet, kalla «Holberg SCORE EEG» er utvikla av legar knytte til Haukeland universitetssjukehus gjennom selskapet Holberg EEG AS.

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen overrekte oppfinnarprisen under fylkestinget sitt møte i Bergen tysdag 11. desember. Prisen er på kr 75 000.

 

Utviklarane
Det står eit stort team bak denne oppfinninga. Utviklarane av sjølve produktet er Harald Aurlien, Jan Brøgger, Svenn Krossnes, Emanuel Neto, Tom Eichele, Haakon Sjursen. I tillegg har Aksel Mjøs, Dag Finne, og Erik Flatmark medverka til å kommersialisera produktet. 

 

Heiderlege omtalar
To andre oppfinningar fekk heiderleg omtale. Pido var ein av desse.

Med tenesta Pido kan gjester kjøpa mat og drikke frå restaurantbordet per mobiltelefon. På bordet står Pidobrikka, så ved å bruka ein en app på smarttelefonen kan ein sjå meny, bestilla, be om rekning. 

Marknaden til Pido er ulike kjeder og sjølvstendige restaurantar, først lokalt så internasjonalt. Produktet er i dag i bruk hjå ein pilotkunde i Bergen.  

Les også om Pido under "dei gode døma"

 

Saka er henta frå Hordaland.no og er skreve av Stanley Hauge.

 

12. desember 2012 Jon Erik Vollan