Inspirerande konferanse på Solstrand

Årets konferanse om entreprenørskap og rettleiartenesta i Hordaland vart ei kjelde til inspirasjon og god læring. Med ei god blanding av rettleiarar og gründerar til stades kom mange gode idear og kjensler fram.

Inspirerande Konferanse På Solstrand -Dag Jørund Lønning Snakka Varmt Om Dei Viktige Eldsjelene I Lokalsamfunna Copyright -Jon -Erik -Vollan -2012-8 Dag Jørund Lønning snakka varmt om dei viktige eldsjelene i lokalsamfunna. Foto: Jon Erik Vollan

«Entreprenørskaps- og rettleiarkonferansen» 
Innleiar Dirk Kohlman frå Fylkesmannen si landbruksavdeling ynskte alle velkommen til konferansen, og la til at; «kanskje burde konferansen vore kalla «entreprenørskaps- og rettleiarkonferansen?».

Han opna konferansen med eit eiga komponert skodespel, med døme på eit «uheldig» møte mellom ein gründer og ein rettleiar, der rettleiaren verken kan, eller har tid til å prate med gründeren…

Kva skjer i Hordaland?
Partnarskapen i Hordaland presenterte status for arbeidet i 2012, der gladnyheita om at Hordaland fekk mest i landet frå LUK-satsinga. Det betyr i korte ordlag at Hordaland, og rettleiarane i kommunane, skal verte betre i arbeidet med lokal samfunnsutvikling og rettleiing av gründerar. LUK-satsinga held fram ut 2015.

Nye Kom-an.no
Prosjektgruppa for Kom-an.no presenterte nye skisser av nettstaden. Nye Kom-an.no vert monaleg forenkla, og skal verte meir spissa og brukarvennleg for målgruppa. Her vert det lagt vekt på at gründerar enkelt skal finne fram til rettleiarane og verkemiddelapparatet i Hordaland. Lansering av nye Kom-an.no vert i desember månad(!).

Entreprenørskap andre stader
Frå Møre og Romsdal fortalte Steinar Johnsen om kva som skjer med deira satsing – Hoppid.no. Han fortalte om deira målretta kurs for rettleiartenesta og verktyet EtablerarLINK.

Dag Jørund Lønning, frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, fortalte om «Almenningen sin kreativitet». Han la vekt på verknadane av å dyrke «frøet», altså det å gje støtte til eldsjelene i lokalsamfunna. Han snakka også om kva kvalitet er i lokalsamfunna, slik tilreisande ser det.

Gründerar fortalte om deira arbeid mot suksess
I andre del av konferansen fekk deltakarane ei god innføring i kva som skal til for å lukkast som gründer. Kva verkemiddel som er viktige og kva som er kritiske fasar.

Kaliber industridesign ved Silje Rabben fortalte om hennar verksemd og produkt. Ho fortalte om etableringa av verksemda, frå å vere ein idé i studietida, til å verte ei verksemd med stort potensiale for vekst. Silje studerte ved Noregs tekniske- og naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Ho hadde med seg sin «mentor» Kjell Hilde, som har fungert som læremeister for Silje og hennar vener.

Frå Austlandet kom gründer Audun Ueland, også han tidligare student ved NTNU. Han fortalte om si gründerverksemd «PramPack» og inkubatoren «Mesh» i Oslo. Her fekk deltakarane innsyn i korleis han lukkast som gründer saman med kollega Anders Mjåseth. Ueland fortalte om konseptet «Mesh», som han vidare forklarte at er ein inkubator for grunderar, slik ein gründer ynskjer det.

Silje Grastveit frå HUB Bergen fortalte om korleis ein kan bruke «HUB ’en» i Bergen. HUB Bergen er ein møte- og arbeidsplass for gründerar, og eit kreativt miljø for menneskjer som ynskjer å starte for seg sjølv, drive eigen verksemd, eller som har ein idé dei vil utvikle. HUB Bergen er i eit nettverk med andre HUB’ar i verda, og er einaste HUB’en av sitt slag i Noreg.

Kva treng ein gründer?
Dei tre gründerane fekk spørsmål om kva dei meiner er den nyttigaste stønaden i deira arbeid som gründer. Eit fellestrekk i svara frå desse var at det å ha ein «mentor» undervegs, og spesielt i etableringsfasen, var spesielt viktig. Det er viktig å ha med ein mentor som har brei kompetanse og kunnskap om etablering og utvikling, men aller viktigast er det at kjemien mellom gründeren og mentoren stemmer.

Gründerane etterlyste vidare fleire mentorordningar og lettare tilgang på dei.

LAGA pausemat
Gründer og LivOGLyst-deltakar Bente Getz frå Samnanger, serverte eigenproduserte ostar og smårettar i pausen. I tillegg fekk me servert eplemost frå Hardanger. Ho fekk også ordet og sprudla vilt med ein matnyttig introduksjon om hennar matverksemd LAGA.

To dagars konferanse
Konferansen vart formelt avslutta med ein dialog om temaet «kvar vil vi hen i Hordaland?». På kvelden fekk deltakarane servert festmiddag ved Solstrand sitt festbord.

Dag to av konferansen var eit kompetansehevingskurs om prosjektarbeid for fyrstelinja i Hordaland. Kurset vart halde av kursleiar Michel Esnault.

Konferansen vart arrangert på Solstrand Hotel & Bad den 26.-27. oktober 2012. Arrangør av konferansen var Partnarskapen i Hordaland, ved Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Noreg og Fylkesmannen i Hordaland. Konferansen vart leia av Nurket Klem frå Kommunane sitt sentralforbund (KS).

Forklaring på ord:

Kjelde: Store norske leksikon.

Mentor:
«Eldre venn og rådgiver, veileder. Videre lesning mentoring».

Gründer:
«Gründer, gründer, grunnlegger, etablerer, nyskaper. En som har startet eller skal starte en næringsvirksomhet, oftest med utgangspunkt i en nyskapende idé eller et produkt».
«Ordet hadde opprinnelig en utelukkende negativ betydning. Det har sin opprinnelse i tiden etter den tyske riksgunnleggelsen ("Reichsgründung"), eller gründertiden på slutten av 1800-tallet, da en ekspansiv økonomi gav rom for spekulative investeringer».


Entreprenør – person:
«Innen samfunnsfag, sosialantropologi o.l. en person som er nyskapende under visse samfunnsmessige betingelser, gjerne i den forstand at gamle grenser brytes ned eller at nye spilleregler innføres i samfunnet. En entreprenør kan f.eks. være den første som begynner å dyrke for salg i en landsby som hittil utelukkende har drevet med selvforsyning. Denne betydningen av ordet har også kommet inn i norsk og betegner person som starter opp ny virksomhet».

 

Lenkjer:
[ Kom-an.no/luk ]
[ Hoppid.no ]
[ Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling ]
[ Kaliber industridesign ]
[ Mesh ]
[ HUB Bergen ]
[ LAGA ]
[ Region Nordhordland ]

[ Human Factors AS ] (dag 2)

[ YouTube: "From Nordhordland With Love" ]

27. september 2012 Jon Erik Vollan
Inspirerande Konferanse På Solstrand -Copyright -Jon -Erik -Vollan -2012-76 Inspirerande Konferanse På Solstrand -Solstrand Hotel Og Bad I Os Kommune -Copyright -Jon -Erik -Vollan -2012-58 Inspirerande Konferanse På Solstrand -Silje Rabben Og Kjell Hilde Fortalte Om Betydninga Av Ein Mentor -Copyright -Jon -Erik -Vollan -2012-13 Inspirerande Konferanse På Solstrand -Gründer Audun Ueland Frå Mesh -Copyright -Jon -Erik -Vollan -2012-30 Inspirerande Konferanse På Solstrand -Dag Jørund Lønning Snakka Varmt Om Dei Viktige Eldsjelene I Lokalsamfunna Copyright -Jon -Erik -Vollan -2012-8